nyhende
Sveio-spelarar til NM i helga – håpar på gode prestasjonar
Medan dei fleste idrettar har ferie, er det liv på sandvolleyballbana. Fem spelarar frå Sveio IL reiser denne veka til Oslo for å hevda seg i Junior NM.
Det har vore bra med aktivitet på sandvolleyballbana i år, på trass av korona. Det har vore både organiserte treningar, og ikkje minst opne turneringar.
– Spelarar og foreldre har hatt det gøy. I tillegg har fleire tatt del i regionale turneringar, frå Karmøy til Bergen og Strandvik, det har blitt mange timar i sanden, seier Marthe Olesdatter Sveen Kallevik, leiar for volleyballgruppa i Sveio IL.
To gutar og tre jenter
Denne veka drar fem spelarar, tre jenter og to gutar til Oslo, der dei skal ta del i Junior NM Sandvolleyball U17. For jentene blir det debut i NM, gutane har spelt ein gong tidlegare. Alle er med i klassa U17.
– Det er første gong me har så mange med, seier Kallevik.
I sandvolleyball er det to spelarar på kvart lag. Malin Halleraker og Erle Sandaas speler saman, medan Sunniva Rossebø har makkeren sin, Marthe Halwe, frå Stord IL. Guteduoen består av Arne Martin Helland og Ole Alexander Sveen Kallevik.
Vil bli ei god erfaring
Sjølv om det alltid er kjekt å vera med på turneringar, er det naturleg nok også kjekt å halda ballen i gong lengst mogleg, og få spela flest mogleg kampar.
– Korleis er nivået til spelarane, kan dei få ei fin plassering?
– Ut frå det me har sett så langt i sesongen, der dei har spelt godt i mange kampar her lokalt, er det realistisk å håpa på topp ti, kanskje topp 8, fortel Ole Johan Sveen, trenar for Arne Martin og Ole Alexander.
Stig Sandaas, trenar for jentene, synest det er positivt om dei får spela mange kampar, sidan det er første året.
– Eg trur det kan bli vanskeleg å nå langt, sidan dei har litt låg ranking. Marthe sine poeng gjer at det nok er lettast for ho og Sunniva å koma lengst. Me har ikkje så store forventningar, men ei god erfaring blir det, seier Sandaas.
Fokus på opplevinga
For dottera, Erle Sandaas, har ikkje resultat så mykje å seia.
– Me er mest opptatt av at me har gode prestasjonar når me spelar, og at me har noko å byggja på frå NM til neste år, seier ho.
Makker Malin Nummedal Halleraker gler seg til helga.
– Det er alltid kjekt å spela sandvolleyball, dagane kjem til å bli kjekke. Det vil bli ei erfaring eg tar med meg vidare i livet. Me har ikkje plasseringsmål, men me skal spela det beste me klarer, seier Halleraker.
Sunniva Rossebø, som har lagspelaren sin frå nabokommunen, lovar å gjera sitt beste.
– Eg har som mål å oppnå gode resultat, og få ein kjekk og fin oppleving, møta nye menneske og få inspirasjon innafor sandvolleyball, seier Rossebø.
Heiagjeng blir med
Tidlegare Sveio-spelar Håkon Sveen Lothe tar også del i NM i klassa U21, saman med Håkon Utvik. Begge høyrer til Torvastad IL.
– Me heiar sjølvsagt litt ekstra på dei, seier volleyballeiaren.
Det blir ein liten gjeng som drar over fjellet til helga, både trenarar og foreldre, fleire av dei med begge roller. Kampane til Sveio-spelarane vil vera frå fredag til søndag, og totalt er det påmeldt 275 lag til Junior NM med fire årsklassar, det er rekord, blir det opplyst frå sentralt hald.
Dei som vil følgja laga kan logga seg inn på Facebook og finna Sveio IL Volleyball. Brukaren Sveio Idrettslag på Instagram vil også bli oppdatert, tipsar volleyballeiaren.