nyhende
Sveio-spelar på landslaget
— Uttaket kom som eit sjokk, ler 16-åringen frå Rophus.
I vinter har Noregs volleyballforbund gjennomført to samlingar med ein bruttotropp som dei skulle sile ut ein landslagstropp frå. Og tysdag denne veka var det klart at Malin Nummedal Halleraker (16) frå Sveio IL er blant dei 12 heldige jentene som er tatt ut på juniorlandslaget som reiser til Kroatia i april, for å spele kvalifisering til Europameisterskapen.
— Gler meg
Ho fortel til Vestavind at det var kjekt å berre bli tatt ut på dei to første samlingane, dit ho også hadde med seg eit anna stort Sveio-talent, Sarah Kvalvågnes Guddal. Klubbvenninna kom ikkje gjennom det siste nålauget, men det gjorde altså Malin. Sjølv trudde ho at det var fleire som sto framfor ho i køen då sjølve landslagsuttaket skulle finne stad.
— Det kom som eit sjokk. No gler eg meg berre veldig mykje, seier ho.
Landslagsleiinga har gjennom to samlingar i vinter merka seg den høgreiste sveiojenta som måler 193 centimeter.
— Eg har fått tilbakemeldingar frå landslagstrenarane om at eg har utvikla meg mykje som spelar, og har også fått godt betalt for øvingar dei har utfordra meg på, fortel den unge sveibuen som fyller 17 seinare i år.
Til dagleg spelar ho både på Sveio IL sitt U17 og U19-lag. I tillegg er ho med på eit nytt samarbeid mellom Sveio IL og Haugesund KFUK-KFUM. Sistnemnde har eit damelag i 2. divisjon, som ho også trenar med og skal spele kampar for denne sesongen.
På banen er det som midtspelar ho utmerkar seg, noko som i klartekst betyr at det er når Noreg angriper motparten at ho skal bidra.
— Det passar meg best, for eg trivs godt med å både smashe og å gå blokk, seier den høyrehendte jenta.
16-åringen kombinerer volleyballspel- og trening med skulegang på Karmsund vidaregåande skule i Haugesund, kor ho går på helse- og oppvekstlinja.
Vurderer å flytte
At dei vellukka samlingane i vinter, og ikkje minst EM-uttaket har gitt ho ei skikkelig motivasjons-boost er det ingen til om. Til hausten kan det hende at ho flytter til Førde i Sunnfjord for å satse vidare på idretten sin. Førde er kjent for sitt særs sterke volleyballmiljø.
— Eg har familie i Førde, og har søkt på ambulanselinja på vidaregåande skule der. Det er ei linje eg har veldig lyst til å gå, og når det kan kombinerast med volleyball-satsing er det noko som lokkar per i dag. Men vi får sjå. Det er tøff kamp om studieplassane, og er har jo ikkje bestemt meg heilt enno, seier ho.
Skulle ha møtt Russland
Landslaget reiser først til ein førebuande samling i Falkøping i Sverige 2.-6. april, før alvoret ventar i kroatiske Zadar 8.-10. april. Når det gjeld Noreg sine sjansar til å kvalifisere seg til EM er Sveio-jenta litt usikker.
— Landslagstrenarane seier at nivået er høgt i Europa, men vi har eit håp om å gå vidare, seier ho.
Etter planen skulle Noreg møte både Kroatia og Russland i turneringa i Kroatia i april. Men dei russiske jentene er råka av den internasjonale og stadig breiare boikotten av russiske utøvarar som følgje av nasjonen sin krigføring i Ukraina.
Det er førebels uklart om at det kommer inn ein annan nasjon og overtar Russland sin plass.