nyhende
Sveio-smitte på retur: — Framleis viktig med både testing og vaksinering.
Smittetrykket i Sveio fell raskare enn det kommuneoverlege Ståle Andreassen har tort å håpe på. — Men pandemien er ikkje over, understreker han.
Sjølv om det er påvist smitte blant sveibuar kvar dag denne veka, så er det samle trykket fallande.
— Eg er litt overraska over kor raskt smitten har gått ned i Sveio, seier kommuneoverlege Ståle Andreassen til Vestavind.
For mindre enn to veker sidan hadde Sveio det høgaste smittetrykke på heile Haugalandet.
No ligg kommunen under dei fleste av nabokommunane på Haugalandet når det kjem til relativ smitte.
Brått fall i smitta
Dette er utviklinga i talet på sveibuar som har testa positivt for covid-19 dei siste vekene:
Veke 50: 39 personar smitta.
Veke 51: 14 personar smitta.
Fram til no i veke 52: 6 personar smitta.
Også andelen positive prøver som er tatt ved det interkommunale testsenteret i Aksdal i Tysvær er på retur. Frå over 10 prosent i veke 50, til litt over sju prosent den siste veka.
Færre har testa seg i jula
Talet på kor mange som testar seg i Aksdal er halvert i jula. Kommuneoverlegen vil ikkje spekulere i om det betyr at det sit lengre inne for folk å teste seg i høgtida.
— Nedgangen kan sjølvsagt ha ein samanheng med at det er færre som har symptom på covid-19, understreker han.
Sjølv om nedgangen i smitte er oppløftande, åtvarar Andreassen mot å senke skuldrene. Han viser mellom anna til at tala på innlagde på Haugesund sjukehus dobla seg frå 5 til 10 frå måndag til onsdag.
— Pandemien er ikkje over, understreker han.
Mellom dei positive prøvane som er tatt på testsenteret i Aksdal, har om lag halvparten av dei positive prøvene vore blant barn og unge. Dei fleste andre er mellom 18 og 60 år.
— Nesten ingen av dei positive prøvene er i aldersgruppa 60 pluss, opplyser han.
Oppmodar til testing og vaksinering
Andreassen oppmodar sterkt til at folk følgjer dei gjeldande smitteverntiltaka, inkludert både å halde avstand og å bruke munnbind der det er krav om det.
Og viktigast:
— Test deg, sjølv ved mindre symptom, seier han.
Han meiner dette er særs viktig å vere nøye på blant barn og unge.
— Dei unge får som regel berre lette symptom når dei er smitta, poengterer han.
I tillegg minner kommuneoverlegen om at det viktig at alle som kan tek den tredje vaksinedosen, den såkalla booster-dosen.
Og han oppmodar alle som enno ikkje har tatt vaksine i det heile til å ta den første dose så snart som mogeleg.
— Det er ikkje for seint å kome i gang. Og det er viktig ikkje berre for dei sjølve, men også for samfunnet rundt dei, poengterer han.
Måndag er det skulestart og Vestavind kunne tidlegare torsdag melde at Sveio kommune no oppmodar til testing av tilsette og elever, tidlegast 24 timar før oppmøte på skulen.
Vestavind skreiv onsdag at Sveio kommune var på 18. plass blant landets 356 kommunar når det kom til kor mange av innbyggarane som hadde tatt tredje dose. Då hadde 69 prosent av innbyggarane over 18 år satt den.
I tillegg har mange bestilt time til vaksinering torsdag neste veke, og mange av dei som då står att ventar på å nå det naudsynte intervallet 4,5 månadene som skal gå mellom andre og tredje dose.
— Det er bra. Tommelen opp for sveibuen, seier kommuneoverlegen.
Omikron på besøk
I buskane lurar også den nye omikron-varianten, som no er den dominerande i det meste av verda, og er venta å bli det også i Noreg.
Det er dokumentert om at varianten har vore innom Sveio kommune, men uten å spreie seg.
— Det var eitt tilfelle for eit par veker sidan. Vedkommande var på besøk i kommunen, men har ikkje hatt kontakt med andre personar, seier Andreassen.
Ved middagstider torsdag var det ikkje kjente nye tilfelle av omikron-varianten i Sveio.
— Men fylkeslegen i Rogaland opplyste oss torsdag om at over halvparten av prøvane som blir analyserte ved Stavanger Universitetsjukehus no er omikron-varianten, fortel han.