nyhende
Sveio-skular tek del i miljødugnad
Måndag 14. mars starta den såkalla batterijakta for alle fjerdeklassingar i heile Noreg. Batterijakta er ein nasjonal konkurranse, der målet er å samla inn så mange brukte batteri som mogleg og levera dei inn til attvinning.
Både Auklandshamn skule og Førde skule er deltakarar i den landsdekkjande skulekonkurransen. Miljødugnaden skal utrusta elevane med kunnskap om attvinning, sortering, krinslaupstenking og forvalting av naturressursane på jorda.
Året 2022 representerer den tiande utgåva av innsamlingsaksjonen, og engasjementet har vakse seg større frå år til år. Samanlikna med oppstarten i 2013 er det i år dobbelt så mange påmelde klassar.
Dugnaden er eit samarbeid mellom Miljøagentane, Batteriretur, VARTA og Clas Ohlson. Det vert oppmoda om at hovudpremien, som er på 20.000 kroner, skal brukast på miljøfremjande aktivitetar for heile vinnarklassen. Miljødugnaden vert avslutta den 3. april.