nyhende

Asle Georg Halleraker synast kulturtilbodet i Sveio ikkje vert rettferdig representert i undersøkinga.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Asle Georg Halleraker synast kulturtilbodet i Sveio ikkje vert rettferdig representert i undersøkinga.

Sveio skårar svakt som kulturkommune

Sveio endte på 347. plass i ein rangering av kulturtilbod blant 356 kommunar i Noreg. — Noko misvisande, meiner leiar i Hovudutvalet for oppvekst og kultur, Asle Georg Halleraker.

Publisert Sist oppdatert

Telemarkforskning og kulturindeksen

Eit forskningsinstitutt som forskar på kulturliv og kulturpolitikk i Noreg.

Kulturindeksen er ein årleg rangering dei lagar sjølv.

Instituttet mottek basistilskot frå Forskningsrådet, og finansierast elles av oppdragsbasert forskning på vegner av stat, fylke og kulturorganisasjonar.

— Nei, kva seier man om det? Det er jo ikkje bra, svarar Bård Kleppe i Telemarkforskning som står bak undersøkinga.

På spørsmål om kva han synast om at Sveio har det tiande dårlegaste kulturtilbodet i Noreg, vert han litt ordfattig.

Kleppe er forskar i stiftinga Telemarkforskning, som kvart år gjev ut ein måling blant kommunane.

— Når eg ser på Sveio så er det gjennomgåande låge rangeringar i alle kategoriar, seier Kleppe.

Rangeringa i år er utrekna frå tal i 2021. Telemarkforskning opplyser at dei i 2021 endra metoden for utrekning noko, som har ført til endringar i resultata.

Noko av det dårlege resultatet kan forklarast med at tala er frå 2021, korleis tilboda vert målt og kva dei tek med. Men tala lyg ikkje forklarar han.

Sveio ligg nederst på lista av kommuner med kulturtilbod i Vestland fylke.GRAFIKK: TELEMARKFORSKNING

— Når ein skårar veldig dårleg, er det eit teikn på at ein er fraværande i nokre kategoriar, seier Kleppe.

Samstundes fortel Kleppe at dei følgjer Norsk Kulturråd si linje for kva som reknast som museum, og billett-selskapa for å måle konsertar.

— Difor fangar me ikkje opp småkonsertar, og det var heller ikkje kino i 2021, seier Kleppe.

Storleik ikkje noko unnskyldning

Sveio har dei siste åra veksla mellom 330 (2017), 344 (2018), 329 (2019) og 332 (2020) plass. Høgast opp kjem storbyene og det er ikkje overraskande fortel han.

— Kan dei dårlege resultata vere eit resultat av korleis befolkninga er i Sveio, samanlikna med ein storby?

— Nei, faktisk ikkje. Når me målar kulturskole per barn er det det ofte betre i kommunar med eldre befolkning, for då er det færre barn å sørge for at har eit tilbod, seier Kleppe.

Slik vart poengsummane til Sveio. I høgre rad kan ein sjå kvar Sveio ligg nasjonalt, i kvar enkelte kategori.GRAFIKK: TELEMARKFORSKNING

Forskaren vurderer Sveio slik at to tilbod kommunen kunne ha skåra høgt på, gjer dei ikkje. Det er tidlegare nemnte kulturskole, saman med biblioteket.

— Landsgjennomsnittet er 2,3 bøker for kvar innbyggjar, men i Sveio er det 1,5. Og deltakinga på kulturskolen er berre ni prosent blant elevar i grunnskulealder, seier Kleppe.

Halleraker: — Noko misvisande

Leiar i hovudutvalet for oppvekst og kultur Asle Georg Halleraker, vart førelagt undersøkinga. Han kjem med eit tydeleg og omfattande svar i form av eit lesarinnlegg.

Halleraker tek problemstillinga på alvor, men seier han skreiv det med eit glimt i auget.

— Det gjekk ein liten rampenisse i meg, og no som eg er uavhengig kan eg vere i ein litt annan rolle, seier han.

Asle Georg Halleraker synast kulturtilbodet i Sveio ikkje vert rettferdig representert i undersøkinga.

Leiaren for hovudutvalet seier seg ueinig i korleis Sveio framstår på undersøkinga og meiner kommunen framstår dårlegare enn den faktisk er.

— Eg stillar eit par kritiske spørsmål til undersøkinga. Me har ein heil underskog av frivilligheit som ikkje får ein stemme i ein slik indeks, seier Halleraker.

Han har eit kritisk blikk til undersøkinga, og kjem med eit stikk til media i lesarinnlegget.

— Det vert viktig for meg å vere varsam i journalistikken og korleis ein behandlar data. Om ein vil svartmale situasjonen, eller om ein vil nyansere bilete litt, seier Halleraker.

Han trekk frem fleire dømer han meiner viser at undersøkinga tar feil.

— Innan musikk ser det ut til at sveibuen også slit kraftig. Er det nok at den internasjonalt kjende musikaren Bjørn Berge melder flytting til Sveio, at Lystgass gjev ut meir enn ti CD'ar, Valestrand Kulturkyrkje har formidla nydeleg musikk gjennom 150 år, eller at dyktige Ruth Victoria Rømyr frå Sveio gjer musikalsk kometkarriere i Oslo, spør Halleraker retorisk.

Les heile lesarinnlegget til Halleraker her.

Powered by Labrador CMS