nyhende

Styreleiaren i regionrådet:

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er styreleiar for Samarbeidsrådet for Sunnhordland og ordførar i Etne kommune.Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er styreleiar for Samarbeidsrådet for Sunnhordland og ordførar i Etne kommune.

Sveio-resultatet kan påverke andre kommunar

Resultatet av folkerøystinga i Sveio kan påvieke andre kommunar som også har vurdert å forlate Vestland.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) Etne og styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. seier til NRK Vestland at ho er glad for at resultatet var så tydeleg, og at det er klart at det vil vere eit signal til resten av Sunnhordland.
NPK: Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) Etne og styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. seier til NRK Vestland at ho er glad for at resultatet var så tydeleg, og at det er klart at det vil vere eit signal til resten av Sunnhordland.

Etne har saman med seks andre kommunar i Sunnhordland vurdert overgang til Rogaland. Det har blant anna vore misnøye med at det mange i desse kommunane har vore for stort fokus på den nordlegaste delen av Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane.

– Vi har hatt planar om å kartleggje posisjonen til Sunnhordland i Vestland med tanke på overføringar, men får ta ein fot i bakken og sjå kva vi gjer no når resultatet ligg framfor oss, seier Bergsvåg Ekrheim til NRK.

Fleire har peika på at folk i Sveio har kjent seg sterkt knytte til regionen Sunnhordland, blant anna gjennom bunadstradisjonar, og at det kan ha vore med på å påverke valresultatet. I tillegg til Sveio er også kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes ein del av Sunnhordland.

Det bur i underkant av 60.000 menneske i regionen.

– Kan skje endringar

Fleire har også gitt uttrykk for at det mest naturlege ville vere at Rogaland vart ein del av Vestland, og at det ville skapt ei langt sterkare eining.

Professor og kommuneforskar ved Universitetet i Bergen, Yngve Flo, ser ikkje bort frå at det kan skje endringar på litt sikt.

– Rogaland blir knytt tettare saman med Rogfast. Vestland er framleis eit uhandterleg fylke, og det er framleis ei ferje mellom Sunnhordland og fylkessenteret Bergen, seier han.

Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve (Ap) er glad for at fleirtalet vart såpass stort, og at valoppslutninga var rundt 60 prosent. 2762 personar deltok i avrøystinga, og av desse var det 14 blanke røyster.

Det er kommunestyret som tek den endelege avgjerda i saka 24. januar, men det er lite truleg at ikkje dei folkevalde følgjer fleirtalet i folkerøystinga.

Neste slag i Finnmark

Tidlegare i haust røysta innbyggjarane i Aure og Smøla kommunar for å bli verande i Møre og Romsdal, etter at krefter i desse kommunane ville bli ein del av Trøndelag.

Det neste slaget ser ut til å stå i Alta i Finnmark. Etter vedtaket om at Troms og Finnmark igjen skal gå kvart til sitt, er det mange i Alta som ynskjer å bli verande i Troms. Også her er det varsla folkerøysting.

Powered by Labrador CMS