NPK-NTB: Statskog deler ut 1 million kroner til 56 friluftslivsprosjekt. Støtta går til alt frå gapahuk i Vegårshei til uteaktivitetar for innvandrarkvinner i Ringsaker.
Sveio andelslandbruk får støtte til å kjøpe kanoar, medan Solør frisbeeklubb får støtte til å halde krattet nede.
Terningen barnehage i Elverum får støtte til turutstyr til Ugleklubben for dei største barna i barnehagen, viser lista over kva prosjekt som får støtte.
– Det er inspirerande å sjå kor mykje som kan skapast med litt pengar og mykje frivillig innsats, seier kommunikasjonssjef Trond Gunnar Skillingstad i Statskog.
Statskog gir ut ein million kroner fordelt på 5.000 kroner og 10.000 kroner éin gong i året. Ordninga vart oppretta i 2017 og har bidrege med nær fem millionar kroner fordelt på om lag 700 prosjekt og aktivitetar.