nyhende

Sveio sokneråd vil gjera det enklare å bli døypt, anten du er ung eller gamal. 20. oktober opnar dørene i Sveio kyrkje for drop-in-dåp. Sokneprestane Arild Steinsland t.v. og Gisle Sørhus er spente på korleis tilbodet vil bli tatt imot.
Sokneprestane Arild Steinsland t.v. og Gisle Sørhus vart begge føreslegne som ny biskop i Bjørgvin i 2021.

Sveio-prestar føreslegne som ny biskop

Sokneprestane Gisle Sørhus og Arild Steinsland i Sveio er begge føreslegne som ny biskop i Bjørgvin.

Publisert Sist oppdatert

Bjørgvin bispedømeråd har bede om forslag til namn på kandidatar til å bli ny biskop i Bjørgvin. To av kandidatane det har kome forslag er frå Sveio. Det er sokneprestane Gisle Sørhus og Arild Steinsland.

Dei er langt ifrå åleine om å vere på kandidatar i den innleiande fasen.

Bispedømerådet har fått inn forslag på 96 namn på personar som kvalifiserer til å bli biskop. Dette er starten på prosessen mot utnemning av ny biskop i Bjørgvin i februar 2023, etter Halvor Nordhaug som går av med pensjon i desember 2022.

Sjå heile lista her: 96 kandidatar

– Vi er glade for at så mange engasjerer seg i kven som bør bli ny biskop i kyrkja her i Bjørgvin. No tek bispedømerådet til med eit spennande arbeid med å vurdere kven vi meiner kan bli ein god biskop, seier bispedømerådsleiar i Bjørgvin, Vemund Atle Øiestad, heiter det i ei pressemelding frå Bjørgvin bispedømeråd.

Det har vore ope for alle som ønskjer det å foreslå namn på personar dei meiner bør bli biskop.

Eigenskapar

Bispedømerådet har også bede forslagsstillarane seie noko om kva eigenskapar dei meiner er viktige hos ein ny biskop i Bjørgvin. Blant dei eigenskapane som flest la vekt på, finn vi «gode leiareigenskapar», «flink i møte med menneske», «dyktig teolog», «god til å formidle evangeliet i folkekyrkja» og «evne til å kommunisere i det offentlege rom».

Sokneråd og tilsette har fått invitasjon til å foreslå kandidatar. I tillegg har eit digitalt skjema og invitasjon vore ope tilgjengeleg på nettsida til Bjørgvin bispedømeråd og kunngjort i ulike kanalar.

Skal enda opp med fem kandidatar

Bjørgvin bispedømeråd kan bruke forslaga som har kome inn, men står også fritt til å spørje andre dei ønskjer som kandidatar. Den 18. november skal rådet ha klar fem kandidatar.

Du kan lese om prosessen fram mot ny biskop her

Biskopen må vere teolog og medlem av Den norske kyrkja. Dei føreslåtte vil bli spurde om dei er villige til å vere med vidare i prosessen fram mot ein eventuell nominasjon frå bispedømerådet, heiter det i meldinga.

Powered by Labrador CMS