nyhende

Prinsesse Ingrid Alexandra, som fyller 18 år fredag, fotografert på det nye kontoret sitt på Slottet. Foto: Ida Bjørvik / Det kongelege hoff / NTB / NPK
Prinsesse Ingrid Alexandra, som fyller 18 år fredag, fotografert på det nye kontoret sitt på Slottet.

Sveio-ordføraren gratulerte prinsessa med 18-årsdagen

I dag blir prinsesse Ingrid Alexandra myndig. Her er helsinga som 18-åringen, som kan bli Noregs dronning, har fått frå Sveio-ordføraren.

Publisert Sist oppdatert

I dag fyller prinsesse Ingrid Alexandra 18 år. I den forbindelse har ho fått ei helsing frå Sveio- ordførar Linn Therese Erve (Ap), på vegner av alle innbyggarane i kommunen.

— Ein stor og viktig dag

«Kjære Arveprinsesse Ingrid Alexandra! Det er ei stor ære og glede for meg å gå gratulera Den Høgvyrde Prinsessa vår med dagen på vegner av folket i Sveio kommune. Vi vil ynskja Prinsessa alt godt i livet som vaksen og i den viktige gjerninga som ho vil utføre for folket i Noreg», skriv ordførar Linn Therese Erve (Ap) i eit brev til prinsessa.

Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve (Ap).

— Den dagen prinsessa blir myndig er ein stor og viktig dag, og hyggeleg å markere, seier Erve til Vestavind.

Ho legg til at prinsessa står fram som eit godt førebilete, og at det difor er ekstra stas å sende ei helsing på vegner av innbyggarane i Sveio.

Fekk golfsett i dåpsgåve

Det er ifølgje Erve ikkje første gangen at prinsessa, som er nummer to i arverekka til den norske trona, får ei helsing frå Sveio kommune.

Då ho blei døpt nytte kommunen mogelegheita til profilere ein av satsingar, då ho fekk eit golfsett.

Her er heile brevet frå ordføraren til prinsessa:

Powered by Labrador CMS