nyhende

Rodeleiar i Sveio, Leif Sverre Haga, og aksjonleiar Guro Røher. Foto: Privat
Rodeleiar i Sveio, Leif Sverre Haga, og aksjonleiar Guro Røher.

Sveio oppe i vel 51 kroner per innbyggar

Tysdag har sveibuane sitt bidrag til TV-aksjonen stige til 297.045 kroner. Eit godt stykke under fjorårets rekord der det blei samla inn 452.992 kroner i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

TV-aksjonen 2025

Formål: Pengane går til Atlas-alliansen, ein paraplyorganisasjon for funksjonshemma sine eigne organisasjonar.

Mål: Å gi 200.000 menneske med funksjonsnedsettingar eit betre liv.

Kva pengane går til:

  • Hjelpemidlar
  • Utdanning
  • Arbeid
  • Helse- og nødhjelp
  • Betre levekår og rettar for funksjonshemma

Land som får støtte:

  • Ukraina
  • Palestina
  • Nepal
  • Zambia
  • Tanzania
  • Etiopia
  • Uganda

Kjelde: tvaksjonen.no

Fjoråret slo alle rekordar også på landsbasis med 415 millionar kroner til Barnekreftforeningen sitt arbeid med å etablera familiehus. Årets TV-aksjon har gitt det dårlegaste resultatet på 20 år med 250 millionar kroner innsamla til Atlas-alliansen.

Søndagens oppteljing i Haugesund Sparebank enda med kontantsummen på 69.134 kroner i bøssene. I tillegg nokre euro, islandske kroner, svenske kroner og noko som såg ut som greske drakmer.

167. plass nasjonalt

Klokka 23.30 søndag var summen totalt for Sveio 290.521 kroner fordelt på 119.119 frå bøsser/vipps, 55.000 frå næringsliv, 50.449 frå private og 54.318 i kategorien anna.

Tysdag har totaltresultatet for Sveio stige til 297.045 kroner. Bøsse/vipps er endra til 120.504, næringsliv til 55.586 kroner, private til 55.320 og anna til 54.320.

Søndag kveld var det samla inn 50,60 kroner i snitt per sveibu. Det er tysdag auka til 51,73 kroner. Dei justerte tala gjer at Sveio ser ut til å enda på 33. plass av 43 kommunar i Vestland, og 167. plass av 358 kommunar (inkludert Svalvard) på landsbasis.

Framleis mogeleg å gje

Den store innsamlingsdugnaden er avslutta, men du kan framleis gi til TV-aksjonen fram til desember. Mellom anna ved å gå inn på nettsida deira, eller vipsa.

Fredag ettermiddag er det også høve til å bidra når Førde skule har sitt årlege arrangement til inntekt for TV-aksjonen.

Powered by Labrador CMS