nyhende
Sveio opna sesongen med sjokk-siger
Sveio IL rysta Avaldsnes, som spelar ein divisjon høgare opp, i kretscupen måndag kveld.
Dei heilraude opna årets sesong omtrent på same vis som dei avslutta fjorårsessongen: På imponerande vis i sesongens første obligatoriske kamp.
SVEIO – AVALDSNES 4-1:
Sveio speler i 6. divisjon, og hadde måndag kveld besøk av det vanlgevis så solide 5. divisjonslaget Avaldsnes IL i årets første obligatoriske kamp, i Rogalandscupen.
Rysta motstandaren
Men på kunstgraset i Sveio vart det lite som tyda på det var gjestene som speler på det høgste nivået av dei to laga.
Sveio fekk ein draumestart då Daniel Rommeveit sette inn 1-0 på straffe ved kampstart. Straffesparket vart gitt etter regelverk i cupen, for å kompensere for divisjonsskilnad.
Heimelaget heldt så motstandaren på ein armlengdes avstand, og ifølgje rapportene kom Sveio til fleire gode sjansar, men det vart med det eine måle i første halvvleik.
Måla rann inn
I andre halvvleik var det frameleis Sveio som hadde mest banespel, og etter kvart fekk dei betalt i form av fleire skåringar. Daniel Rommetveit sette inn 2-0 med eit langskot frå omlag 16 meter. Avaldsnes såg eit håp då dei reduserte til 2-1 midtvegs i andre omgang. Men berre to miuttar seinare slo Erik Sydnes med dagens råaste enkeltmannsprestasjon - eit langskot frå 30 meter (!) som klistra seg inn i nettmaskene.
Og dette var verkeleg langskota sin kveld. Lars Rødseth klinka til på eit frispark frå midten av Avaldsnes sin banehalvdel, og fastsette med det sluttresultatet til heile 4-1 framfor eit jublande heimepublikum.
PS! Det vart delt ut heile heile ni gule kort i kampen. Det sto 4-4 i gule kort til kvart lag, då Avaldsnes-spelaren Jonas Risanger fekk sitt andre gule, og dermed også rødt kort, heilt på tampen av kampen.