nyhende
Sveio Næringsforum blir avvikla – går inn i ny modell
Eit klart fleirtal i Sveio Næringsforum stemte onsdag for å leggja ned forumet. No skal arbeidet førast vidare gjennom ei lokal ressursgruppe under Næringsforeningen Haugalandet.
Til saman stemte 39 av dei 47 medlemmane i forumet for framlegget. Tolv medlemmar møtte opp og stemte under årsmøtet, medan 27 bedrifter på førehand hadde sendt inn fullmakt til å stemma for framlegget. Dei andre medlemmane møtte verken opp eller leverte fullmakt.
Ifølgje vedtektene måtte minst to tredelar av medlemmane stemma for framlegget for at forumet kunne leggjast ned. Det kravet blei oppfylt.
Fornøgd med utfallet
Styremedlem Svein Erik Bjelland seier han er fornøgd med utfallet av årsmøtet.
– Det var ganske brei semje på møtet om at dette var den beste løysinga for medlemmane. For dei som var skeptiske, orienterte Næringsforeninga Haugalandet om opplegget og svara på spørsmål frå medlemmane, seier Bjelland.
Ny organisering
Etter vedtaket på årsmøtet blir Sveio Næringsforum avvikla som eiga foreining. Arbeidet skal i staden førast vidare gjennom ei lokal ressursgruppa under Næringsforeninga Haugalandet.
Ressursgruppa skal byggjast opp rundt dagens styre. Det skal òg på plass ein lokal leiar for Sveio, og målet er å få fleire frå næringslivet i kommunen med i gruppa.
– Det viktigaste no er at Sveio blir høyrt gjennom den nye ressursgruppa, understrekar Bjelland.
Omlegginga inneber òg at verksemder som allereie har betalt medlemskap for 2026, blir medlemmar i Næringsforeininga Haugalandet utan ekstra kostnad i år.
Med den nye organiseringa skal Næringsforeininga Haugalandet ta seg av det administrative, slik at ressursgruppa kan bruka meir tid på konkrete saker for næringslivet i Sveio.