nyhende
Sveio med i forum for kjernekraftkommunar
Kommunestyret i Sveio vedtok måndag å melda kommunen inn i orgaisasjonen Norske kjernekraftkommuner (NKK), som er under etablering. Vedtaket blei gjort mot fire stemmer.
Invitasjonen til medlemskap frå interimstyret i NKK kom opp under referat og meldingar på kommunestyret si sakliste.
Med utgangspunkt i invitasjonen fremja Grethe Lier Alne (H) eit felles forslag for posisjonspartia Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Kristelig Folkeparti om å melda kommunen inn i organisasjonen og løyva pengar til medlemskontingenten, som er på 20.000 kroner i året.
– Viktig å skaffa kunnskap
– Sjølv om kjernekraft for mange kan høyrast skummelt ut, kan det vera viktig å vera med i eit stort nettverk for å læra meir om dette temaet, sa Alne.
Ho utdjupar dette overfor Vestavind og understrekar at innmeldinga i NKK ikkje inneber at at det blir tatt aktive steg for å byggja kjernekraftverk i Sveio.
– Men ved å vera med frå starten skaffar me oss kunnskap som vil setja oss i stand til å ta rette avgjerder om kjernekraftspørsmål i framtida.
– Det er ikkje mange år sidan land som Tyskland vedtok å stengja sine kjernekraftverk. Kvifor meiner du me her i landet meiner me skal sjå annleis på denne energikjelda her i landet?
– Energikrisa gjer at me må tenkja nytt. Det er heller ikkje aktuelt å byggja kjempestore anlegg som dei me kjenner frå utlandet om det blir snakk om å byggja ut kjernekraft i Norge, seier Lier Alne, som elles legg til at rundt 40 kommunar allereie har meldt seg inn i NKK.
– For tidleg for Sveio
Dei som røysta mot forslaget, var Leif Tore Haukås (Frp), Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou (Ap), Olav Østebø Olsen (SV) og Kjartan Moe Hustvedt (MDG).
– Det er ein stor diskusjon om kjernekraft. Eg vil ikkje vera heilt avvisande, men eg meiner det er for tidleg for Sveio å gå inn i dette no. Me må også tenkja over kva me brukar ressursane våre til, sa Østebø Olsen i sitt innlegg.
– Eg er samd med SV sin representant. Den beste måten å spara 20.000 kroner er å ikkje melda oss inn, sa Moe Hustvedt.
Blir etablert 31. mai
Interimstyret i NKK blei 6. november i fjor av kommunane Vardø, Heim, Narvik, Porsgrunn, Aure og Halden. Organisasjonen skal etablerast formelt på årsmøte 31. mai. Dette årsmøtet vil føregå på Teams.
Føremålet med organisasjonen er mello anna å utgreia kjernekraft som alternativ i ein situasjon med behov for auka kraftproduksjon, og spreia kunnskap om dette.
I invitasjonsbrevet til kommunane konstaterer NKK at ulike partar står langt frå kvarandre i debatten om kjernekraft som energikjelde. Interimstyret meiner det er fordelar og ulemper med alle energikjelder, men framhevar at kjernekaft ikkje medfører CO2-utslepp og dermed motverkar drivhuseffekten. NKK meiner «utsleppsfri» er eit viktigare stikkord enn «fornybar» i energidebatten.