nyhende
Sveio kommune gjekk med stort overskot i 2021
Sveio kommune trumfa budsjettet med meir enn 11 millionar kroner i fjor.
Rådmann Jostein Førre gjorde greie for det førebelse 2021-resultatet i kommunestyret måndag kveld.
Han presiserte at tala ikkje er reviderte enno, men at det er like før.
Kommunen ligg an til å kunne bokføre heile 25,8 millionar i netto driftsresultat.
— Det er 11,3 millionar høgare enn det som vart budsjettert og 16 millionar høgare enn anslaget som vart gjort i andre tertial.
God skatteinngang
Det særs gode resultatet målt mot budsjett, skuldast i stor grad høgare skatteinngang både lokalt og sentralt.
— I 2021 vart det budsjettert med 186 millionar i skatteinntekter og inntektsutjamning. Desse inntektene enda på rett under 15 millionar høgare enn budsjettert, sa Førre.
Korona-støtte
I tillegg har Sveio kommune i 2021 mottatt nesten 12 millionar kroner frå staten i samband med pandemien.
— Dei direkte kostnadane har vore noko lågare så langt. Litt over 4 millionar er knytt til smittehandtering og fråvær, mens litt under 4 millionar er gått til vaksinering.
Rådmannen presiserte at den betydelige omprioriteringa av kommunale ressursar til pandemihandteringa, og dei oppgåvene som har blitt liggande på vent i den forbindelse, ikkje er tatt med i desse tala.