nyhende
Sveio knuste topplag
Sveio IL sitt herrelag i fotball spelte sin første heimekamp på kunstgras måndag kveld. Det enda med festfotball og braksiger mot topplaget Falkeid.
Sveio IL har fram til no spelt heimekampene sine på grasbanen. Men utan flomlys der måtte haustens første kunstgraskamp finne stad måndag kveld.
SVEIO – FALKEID 5-0:
Det skulle vise seg å gå veldig bra.
Raudtrøyene gav seg ikkje før det sto 5-0 i boka. Til pause var stillinga 3-0. Både Mikal Fransson og Marius Andersen Flatnes hadde grunn til å glise ekstra breitt etter kampen, etter å ha sendt ballen i nettmaskene to gong kvar.
Fekk revansje
Dermed fekk Sveio ein solid revansje for det sure 3-2 tapet på bortebane mot same Falkeid i vår. Den gongen leia Sveio kampen to gongar, men Falkeid snudde oppgjeret og sikra tre poeng på tampen av kampen.
Opprykk kan Sveio gløyme. Og mykje skal skje om ikkje Kopervik-2 blir seriemeister i 6. divisjon. Dei knuste serietoar Ølen 5-1 heime måndag kveld, og står med smått utrulege 13 sigrar på like mange kampar.
Falkeid kunne ha klatra opp på andreplass med siger i Sveio, men slik gjekk det altså ikkje.
Tøff bortekamp ventar
Sveio er no på 5. plass på tabellen, og har mogelegheiter til å kjempe om ein fin plassering på til slutt, om dei helde oppe den gode forma dei har vist i det siste.
Allereie torsdag kveld venter det som truleg blir ein tøff utfordring, borte mot Sauda. Sveio har fram til no ikkje vunne på bortebane i år.
Siste kampar i 6. div:
Sveio – Falkeid 5-0
Kopervik-2 – Ølen 5-1
Djerv 1919-3 – Trott-2, 4-1
Torvastad-2 – Sauda 4-3
Tabell, 6. div. fotball menn: