nyhende

Sveio-klatrar på pallen igjen

Ingrid Kindlihagen frå Sveio og Haugaland Klatrelag sikra seg sølvmedalje under noregsmeisterskapen i klatring på led i Bergen sist helg.

Publisert Sist oppdatert

Haugaland Klatrelag hadde åtte deltakarar i noregsmeisterskapen. Kindlihagen og Ørjan Rødland Vaage kvalifiserte seg til finalen  i seniorklassane for høvesvis damer og menn, medan Anna Vivelid kom til finalen i klassen jenter U18. Våge enda på ein sjuandeplass i sin klasse, Vivelid på sjetteplass i sin.

Medaljesankar

Kindlihagen sikra seg også andreplass og sølv i klassen damer senior under den nordiske meisterskapen i Helsinki i mars i år. I perioden 2021-2023 vann ho tre gull og fire sølv i NM. 22-åringen sikra seg også kongepokalen i 2023.

200 deltakarar

Saman med Norges klatreforbund var Bergen Klatreklubb arrangør av NM, som gjekk føre seg i Vestveggen i Åsane Arena. Her hadde dei 200 deltakarane i led- og paraklatring 3.700 kvadratmeter klatreflate og 2.400 kvadratmeter golv til disposisjon under konkurransane.

Powered by Labrador CMS