nyhende

Utgreiing om fylkestilhøyrsle er klar:

For sørgåande trafikk som kjem frå Vestland fylke og Sveio kommune, viser skilta at no er ein over i Rogaland fylke og Haugesund kommune.
Sist veke ga innbyggarane i Sveio klar beskjed. 56 prosent sa nei til å byte fylkestilhøyrsle frå Vestland til Rogaland.

Sveio kan oppnå større fordelar ved å byta fylke

Banda til nabofylket i sør er sterke, og funksjonelt sett er Sveio ein del av Haugalandet. Bør Sveio heller søkja om å få bli med i Rogaland fylke? Politikarane skal ta stilling til dette før årsskiftet, og innbyggjarane er velkomne til å koma med sine synspunkt.

Publisert Sist oppdatert

Bakgrunnen for at dette er eit tema no er at kommunestyret i mai 2020 ba rådmannen om å fremja ei sak om fylkestilhøyrsle. Vidare blei det bestilt ei utgreiing som tar føre seg fordelar og ulemper ved å byta frå Vestland til Rogaland fylke. No er rapporten ferdig, og Vestavind presenterer essensen i den. Dei som vil lesa heile rapporten finn den på Sveio kommune sin nettstad.

Oppdraget

Det er Telemarksforsking som på oppdrag frå Sveio kommune gjennomført utgreiinga for den sørlegaste kommunen i nye Vestland fylke. Arbeidet er gjort frå mai til august i år. Rapporten består av sju kapittel, der problemstillingar innan ulike tema er belyst:

  1. Det fylkeskommunale tjenestetilbudet 
  2. Samhandling mellom Sveio kommune og fylkeskommunen
  3. Forholdet til de regionale statsetatene 
  4. Det statlige tjenestetilbudet 
  5. Den regionale samhandlingen i Sunnhordland og på Haugalandet 
  6. Interkommunalt samarbeid 
  7. Sivilsamfunnet og frivillig sektor 
  8. Næringslivet, inkludert landbruket 

Fordelar

I rapporten blir det slått fast at Sveio funksjonelt sett er ein del av Haugalandet og Rogaland når det gjeld pendling, integrasjon i arbeidsmarknaden og interkommunale tenestesamarbeid. Fylkeskommunale tenester innafor skule, sjukehus, psykiatri og politi er også inkludert.

Det kan dermed bli lettare å samarbeida og påverka utviklinga når kommunen høyrer til same region også administrativt. Sveio er ein naturleg del av regionale planar for Haugalandet. Det er også ein fordel at regionar som funksjonelt og næringsøkonomisk heng saman, høyrer til same fylke.

Sveio si framtidige utvikling vil i stor grad vera avhengig av utviklinga på Haugalandet. At kommunane i regionen er delte mellom to fylke, blir oppfatta som ekstra krevjande. Haugalandet kan med Sveio få auka tyngde og gjennomslagskraft i Rogaland.

Det vil også bli billegare å ta buss inn til regionsenteret.

Ulemper

Først og fremst kan Sveio sin påverknad og innverknad mot Sunnhordland og Vestland bli svekka. Det blir trekt fram at den nordlege delen av Sveio har sterk identitet og tilhøyrsle mot Sunnhordland, reisetida til Bømlo og Stord er relativt kort. Dersom det oppstår geografiske konfliktlinjer internt i Sveio som følgje av eit eventuelt fylkesbyte, kan det bli meir krevjande å realisera potensielle gevinstar.

Ein del gode nettverk og samhandlingsarenaer på ein del tenesteområde som går mot Sunnhordland og Vestland er gode. Det kan ta tid å byggja opp tilsvarande relasjonar i Rogaland. Det vil også by på ekstraarbeid ved eit fylkesbyte, då matrikkelsystemet treng omfattande endring.

Landbruket vil bli råka. Distriktstilskotet for konsumegg frå verpehøne kan bli borte, og prisane for kjøp og leige av mjølkekvotar vil truleg auka, dersom produksjonsregion blir i Rogaland.

Dei som reiser med buss til Bømlo og Stord vil få dyrare billettar.

Dersom Sveio byter fylke, vil Etne, som også er del av Haugalandregionen framleis høyra til Vestland. Sunnhordland og Haugalandregionen har sterke fellesinteresser når det gjeld samfunns- og næringsutvikling. Eit fylkesbyte vil ikkje løysa grenseoverskridande samfunnsutfordringar og fellesinteresser mellom regionane. Mange meiner at også Etne eventuelt bør bli med i nytt fylke, då vil alle kommunane i Haugalandregionen høyra til i Rogaland.

Konklusjonen

Den samla konklusjonen er at Sveio har ei langt sterkare integrering mot Haugalandet og Rogaland enn mot Sunnhordland og Vestland. Dette fører til at samarbeidsbehovet og kommunen sine interesser knytt til samfunnsutvikling er langt sterkare i denne retninga, står det i rapporten.

Sjølv om fordelane ved eit fylkesbyte isolert sett er større for Sveio, vil ikkje dette løysa alle utfordringar knytt til fylkesgrensa, og det kan vera behov for å vurdera denne i eit meir heilskapleg regionalt perspektiv.

Vegen vidare

Rapporten seier altså ikkje kva Sveio bør gjera, for det er opp til politikarane. Formannskapet får rapporten først, rådmannen har lagt opp til at den blir sendt ut på høyring. Jostein Førre har ikkje gjort seg opp ei meining enda.

– Eg vil få inn all informasjon først. Me har berre denne rapporten, men eg reknar med at det er ein del som har andre argument enn det som er med i rapporten. Det er viktig å senda inn sine synspunkt og anna informasjon som kan belysa saka, seier rådmannen.

Høyringsinnspel må vera skriftlege.

Torsdag 23. september vil Telemarksforsking presentera rapporten på eit ope informasjonsmøte, der det òg vil bli mogleg å få svar på spørsmål.

Vidare er det planlagt realitetshandsaming i kommunestyret i desember. Det vil seia at kommunestyret skal ta stilling til om Sveio ønskjer å bli verande i Vestland før årsskiftet. Ein må eventuelt søka om å få byta, og det er Stortinget som vil ta ei slik avgjerd.

Høyringsfristen er sett til 18. oktober.

Powered by Labrador CMS