nyhende
Sveio i tet: Knapt nokon utan jobb
Nye Nav-tal syner at Sveio og Stord har lågast arbeidsløyse i Sunnhordland, samstundes som det er fleire ledige stillingar enn arbeidsledige i regionen.
Berre 25 personar i Sveio var registrerte som heilt arbeidsledige i februar. Det utgjer 0,9 prosent av arbeidsstyrken, og saman med Stord har Sveio lågast arbeidsløyse i Sunnhordland.
I heile regionen var 337 personar registrerte som heilt arbeidsledige. Det gir ei arbeidsløyse på 1,1 prosent, som er lågt samanlikna med Vestland (1,8 prosent) og landet (2,2 prosent).
– At arbeidsløysa går noko ned igjen frå januar til februar er som venta ut frå dei normale sesongvariasjonane, seier Håvard Lægreid, regionleiar i Nav Sunnhordland, i ei pressemelding.
Fleire stillingar enn ledige
Samtidig som arbeidsløysa held seg låg, er etterspurnaden etter arbeidskraft framleis høg. I februar 2026 vart det registrert 24 ledige stillingar i Sveio, ein auke på 9 prosent samanlikna med februar i fjor.
Sveio er òg ein av kommunane i Sunnhordland med vekst i talet på ledige stillingar. Stord hadde ein oppgang på 12 prosent, og Kvinnherad auka med 16 prosent, medan utviklinga gjekk i motsett retning i Etne (-28), Bømlo (-37), Fitjar (-46) og Tysnes (-45).
– Me ser at tilgangen på stillingar framleis held seg på eit høgt nivå, og at det er fleire ledige stillingar enn det er arbeidsledige. Det indikerer at det framleis er utfordringar for verksemdene med å få tak i nok arbeidskraft i regionen, seier Lægreid.
Endringar i etterspurnaden
Samla sett vart det registrert 470 ledige stillingar i Sunnhordland i februar. Det er 3 prosent færre enn i februar 2025. Bak totalen er det likevel store skilnader mellom yrka.
Det største behovet er framleis innan helse, pleie og omsorg, med 127 stillingar. Også butikk- og salgsarbeid (59) og reiseliv og transport (53) ligg høgt, og begge desse områda har auka med over 100 prosent samanlikna med februar i fjor.
Samtidig fell etterspurnaden tydeleg i fleire andre yrke. Kontorarbeid er ned 91 prosent, akademiske yrke ned 78 prosent, og både ingeniør- og IKT-fag og undervisning er ned 41 prosent samanlikna med februar i fjor.