nyhende
Sveio-hytter på søketoppen
Den Norske Turistforening (DNT) har offentleggjort kva hytter som blir mest søkt på. Dei ligg i Sveio.
DNT er tradisjonelt mest kjend for fjellhyttene sine. Men då organisasjonen andre juledag publiserte kva hytter folk har søkt mest etter i år, så er det Flokehyttene som troner øvst.
Det er ikkje første gongen.
Flokehyttene vinner kåringa for andre året på rad.
— Det er nok både beliggenheita, arkitekturen, naturopplevinga og det faktum at du kan besøke hyttene heile året, seier dagleg leiar Tore Haugen til Haugesunds Avis som har spurt om kva han trur er årsaka til at hyttene er så populære.
Annonse
Dei fem Flokehyttene blei opna i oktober 2020.
DNT har som kjend opsjon på å byggje ei sjette hytte, noko dei førebels har ingen planar om å nyte seg av.