nyhende
Sveio har ingen offentlege tilfluktsrom
Sveio omsorgssenter og skulene i Førde og Sveio har tilfluktsrom for dei som oppheld seg på institusjonane. Men ordinære offentlege tilfluktsrom finst ikkje i kommunen.
Krigen i Ukraina og den truande retorikken frå Russlands president Vladimir Putin har også utløyst spørsmål om tilfluktsrom her i landet.
— Me har ingen offentlege tilfluktsrom i Sveio. Men det finst godkjente tilfluktsrom i kommunehuset, ved Sveio omsorgssenter og skulane i Sveio sentrum og Førde, fortel ordførar Linn Therese Erve (Ap) til Vestavind.
Desse fire tilfluktsromma er meint for dei som oppheld seg på SOS, skulane eller kommunehuset.
Dei kan sjølvsagt i gitte situasjonar også opnast for andre. Ordføraren klarte på kort varsel fredag ikkje å få svar på kor mange det er plass til i dei tre tilfluktsromma.