nyhende

G17-laget til Sveio IL spelte seg heilt fram til finalen under volleyballgallaen i Farsund i helga. Frå venstre: Jone Fagerland, Jone Birkeland, Leander Christiansen, Arne Martin Helland, Jacob Meland, Daniel Stueland, Ole Aleksander Sveen Kallevik og Thomas Dale.FOTO: PRIVAT
G17-laget til Sveio IL spelte seg heilt fram til finalen under volleyballgallaen i Farsund i helga. Frå venstre: Jone Fagerland, Jone Birkeland, Leander Christiansen, Arne Martin Helland, Jacob Meland, Daniel Stueland, Ole Aleksander Sveen Kallevik og Thomas Dale.

Sveio-gutane spelte seg til finaleplass

Sveio IL stilte med to gutelag og eit jentelag under ein volleyballgalla i Farsund i helga. G17-laget spelte seg heilt fram til finale.

Publisert Sist oppdatert

Om lag 25 spelarar og fire vaksne  frå Sveio IL deltok under ein volleyballgalla i Farsund i helga.

Sveibuane viste godt igjen under arrangementet på Sørlandet. Både som heiagjeng for kvarandre og sportsleg.

Nådde finalen

Særleg bra gjekk det for G17-laget, som spelte seg heilt fram til finale. Det var 10 lag med i deira klassa.

— Det var kjekt, det er ei stund sidan vi spelte finale i den klassen, fortel trenar Ole Johan Sveen.

Han rapporterer om fulle tribunar og skikkeleg trøkk under finalane. Der måtte Sveio gi tapt for Austrått 2.

G15 og J15-laget tok seg ikkje vidare til sluttspel, men fekk ifølgje Sveen tileigna seg fin kamptrening.

— Det er veldig kjekt å reise med desse ungdommane. Dei er flinke til å ta vare på kvarandre, seier han.

Resultat for Sveio-laga:

G15:

Lister – Sveio 0-2 (11-25, 19-25)

Kristiansand – Sveio 2-0 (25-14, 25-12)

Torvastad 1- Sveio 2-1 (25-18, 17-25, 16-14)

Torvastad 2 – Sveio 2-0 (25-20, 25-18)

J15:

Kopervik – Sveio 2-0 (27-25 og 25-13)

KFUM Stavanger – Sveio 1-2 (25-14, 13-25, 12-15)

Austrått – Sveio 0-2 (19-25 og 20-25)

Sandnes – Sveio 2-1 (25-21, 18-25, 15-8)

Kopervik – Sveio 0-2 (20-25, 22-25)

G17

Austrått-2 – Sveio 0-2 (23-25, 25-21 og 10-15)

Haugesund – Sveio 0-2 (14-25 og 16-25)

Lister – Sveio 0-2 (6-25, 14-25)

Kvartfinale: Randaberg – Sveio 0-2 18-25, 23-25)

Semifinale: Austrått-2 – Sveio 0-2 (22-25, 24-26)

Finale: Austrått-1 – Sveio 2-1 (19-25, 25-15, 15-9)

Powered by Labrador CMS