nyhende
Sveio frisknar til – sjukefråværet går ned
Sykefraværet i Sveio kommune var 5,9 prosent i første kvartal 2025, viser nye tall fra Nav. Det er det laveste nivået i første kvartal siden 2018, og en nedgang fra 6,5 prosent i samme periode i fjor.
Med dette ligg kommunen òg under snittet for Vestland fylke, som hadde eit sjukefråvær på 6,1 prosent i første kvartal. NAV-leiaren i regionen peikar på at godt lokalt arbeid og auka merksemd på sjukefråvær har vore viktig for utviklinga.
– Det er godt å sjå at tala allereie er på veg ned. Det tyder på at det blir jobba godt lokalt for å få ned sjukefråværet, seier Håvard Lægreid, leiar i Nav Sunnhordland.
Han fortel at det det siste året har vore eit tydeleg auka fokus på nettopp dette – både blant arbeidsgjevarar og tilsette. Lægreid trur det gode lokale arbeidet har bidrege sterkt til nedgangen.
Samtidig peikar han på IA-avtalen (inkluderande arbeidsliv) som eit viktig verktøy i arbeidet mot sjukefråvær, men understrekar at det enno er litt tidleg å seie noko sikkert om kva effekt avtalen har hatt lokalt.
– IA-avtalen gir gode rammer og retning, men vi trur ikkje effekten av han har rukke å vise seg i statistikken enno, seier han.
Størst nedgang blant eldre arbeidstakarar
Den tydelegaste nedgangen finn vi i aldersgruppa 60–69 år, der sjukefråværet har falle frå 8,9 prosent i første kvartal 2024 til 6,7 prosent i år – ein nedgang på heile 2,2 prosentpoeng. Også i gruppa 50–59 år er det ei tydeleg betring, frå 8,6 til 7,4 prosent.
I motsett ende har aldersgruppa 10–19 år hatt den største prosentvise auken – frå 2,0 prosent til 2,6 prosent. Sjølv om nivået framleis er lågt, utgjer auken på 0,6 prosentpoeng ei merkbar endring for denne gruppa.
Ulik utvikling mellom yrkesgrupper
Blant yrkesgruppene i Sveio er det fagarbeidarar som har hatt den største auken i legemeldt sjukefråvær, frå 7,4 prosent i 2024 til 8,3 prosent i 2025. På den andre sida har akademiske yrke hatt størst nedgang – frå 6,0 prosent til 4,3 prosent.
Kortvarig fråvær mest utbreidd
Sjukefråvær under 16 dagar utgjorde 49,6 prosent av alle tilfella i Sveio i første kvartal 2025. Det er ein liten auke frå 48,8 prosent året før. Fråvær over 26 veker utgjorde 12,8 prosent.
Tala frå NAV for Vestland viser at helse- og sosialtenester framleis er næringa med høgast legemeldt sjukefråvær, med 8,9 prosent i første kvartal 2025.