nyhende
Ny storsiger for Sveio IL:
Sveio feia Vard av banen
Sveio IL vann heile 7-0 mot Vard 3, og tar no fotballferie fram til midten av august, vel vitande om at dei førebels er uslåelege på heimebane.
Sveio har til gode å vinne bortekampar i år, men heime er det førebels berre Sauda som har klart å knipe poeng på grasbanen i Sveio (2-2).
SVEIO – VARD 3, 7-0:
Onsdag kveld var Vard 3 motstandar i siste kamp før ferien. Sveio vann heile 7-0 mot tabelljumboen frå Haugesund.
Hat-trick
Odd-Luis Panayiootou utmerka seg med hat-trick, mens Martin Sydnes vart tomålscorar med to mål på eit drygt minutt like før slutt.
Med sigeren klatra Sveio opp til 6. plass på tabellen i 6. divisjon.
Tre neste heime
Berre serieleiar Kopervik 2 og Sveio har gått av heimebanene sine utan tap denne sesongen.
Samstundes er Sveio det einaste laget som ikkje har vunne på bortebane i år, så der har laget noko å jobbe med når hausten kjem.
Etter ferien får Sveio tre strake heimekampar mot høvesvis Ølen 15. august, Torvastad 2 den 25. august og Trott 2 den 29. august.