nyhende

Organisasjonen til kommunesektoren (KS) er skeptiske til om norske kommunar har råd til å opprette ein barnekoordinator, som no blir eit krav frå regjeringa. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Organisasjonen til kommunesektoren (KS) er skeptiske til om norske kommunar har råd til å opprette ein barnekoordinator, som no blir eit krav frå regjeringa.

Sveio får barnekoordinator

Regjeringa innfører plikt til å sikre betre samarbeid rundt barn i kommunane, og opprettar stillinga «barnekoordinator». I Sveio er den aktuelle stillinga akkurat lyst ut.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB/VESTAVIND: – Kommunane gjer det dei kan innanfor rammene sine. Men også på dette feltet er det ein viss diskrepans mellom forventningane til brukarane og dei økonomiske rammevilkåra hos kommunane, seier områdedirektør Helge Eide i Kommunesektorens organisasjon (KS) til Aftenposten.

Måndag innfører regjeringa krav om barnekoordinator i norske kommunar, ei ordning KS var imot i høyringssvaret sitt.

Rettleie familiar

Barnekoordinatoren har som jobb å gjere det lettare for familiar som ventar eller har barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne. Formålet er å unngå ansvarspulverisering, og sørgje for betre samarbeid mellom skule og barnehagar, barnevernet, Nav og helse- og sosialtenester.

– Vi har 356 store og små kommunar i landet. Det seier seg sjølv at langt frå alle vil ha råd til å opprette ei ny stilling som barnekoordinator når dei 100 nye millionane skal fordelast på alle kommunane, seier Eide.

Ifølgje Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) har også fleire mindre kommunar måtte leggje inn fleire andre funksjonar i rolla som barnekoordinator i utlysingsteksten.

– Då spørst det kor mykje tid det blir igjen til å koordinere og skaffe hjelp til familiane, seier leiar Berit Therese Larsen i FFO.

Stillinga lyst ut

I Sveio kommune vil barnekoordinator-rolla utgjere 10 prosent av det som er ei 60-prosent stor stilling som fagleg rettleiar i den kommunale habiliteringstenesta.

Ifølgje konstituert rådmann Ingunn Toft gjenspeiler stillingsprosenten som barnekoordinator dei midlane kommunen får frå staten for å ha ei slik teneste.

Ho presiserer at kommunen har koordinatorar frå før, men ho synes det bra at rollen som barnekoordinator no blir meir tydeleggjort.

— Det er med på å synleggjere kva krav foreldra til dei aktuelle barna har. Og det gjer at me som kommune i ein tidleg fase kan få ein betre oversikt over kva utfordringar barn har og kva tenester dei treng, seier ho til Vestavind.

Denne aktuelle stillinga i Sveio kommune som skal ha barnekoordnator-rolla er akkurat utlyst, med søknadsfrist 6. august.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS