nyhende

Sveio får 18,2 millionar frå Havbruksfondet

I alt får norske kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd utbetalt 4,695 milliardar kroner frå Havbruksfondet i år. Sveio får 18,2 millionar kroner i desse dagar.

Publisert Sist oppdatert

– Årets utbetaling er den største sidan Havbruksfondet blei oppretta. Dette skuldast høge prisar på auksjonen av oppdrettsløyve, men også dei grepa regjeringa har tatt for å syta for at vertskommunane skal sitja igjen med ein større del av verdiskapinga frå oppdrettsnæringa, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) i ei pressemelding på regjeringen.no.

Meir igjen til vertskommunar

– Me har heile vegen fore tydelege på at me skal syta for at lokalsamfunna langs kysten sit igjen med meir av gevinsten når dei stiller naturressursane sine til disposisjon for oppdrettsnæringa, legg finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til ifølge den same pressemeldinga.

I Sveio har politikarane tidlegare valt å setja utbetalingane frå Havbrukskfondet av til framtidig finansiering av fleirbrukshall ved Vigdartun. Det vil då seia den delen av nyskapande aktivitetsandlegg som kommunestyret vedtok å gå vidare med på sitt siste møte.

– I tillegg håpar eg det kan bli lettare å få forståing for dei forslaga me ikkje fekk fleirtal for i kommunestyret, seier Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Linn Therese Erve i ein kommentar.

Ho legg til at den store utbetalinga frå Havbruksfondet er eit resultat av regjeringa si satsing på kyst- og distriktskommunane.

Til ordinær drift

– Me hadde budsjettert med 14,9 millionar kroner frå Havbruksfondet, så dette er ei hyggeleg overrasking, seier ordførar André Mundal Haukås (H).

Han gir likevel ikkje noko håp om meir øyremerka midlar til fleirbrukshall.

– I fjor måtte me ta desse midlane inn i det ordinære driftsbudsjettet. Slik må det bli også når me skal sy saman budsjettet for 2025. Meir pengar enn venta frå Havbruksfondet betyr berre at underskotet blir litt mindre, seier han.

Haukås legg til at regjeringa sine folk snakkar meir og meir om budsjettsalderinga som skal gi meir pengar til kommunane i desember.

– Men det er no kommunane vurderer alle tiltak for å redusera kostnadene. Dersom regjeringa vil gi oss meir penger, må me få dei så snart som mogleg slik at me slepp leggja ned verksemder som me gjerne skulle hatt med vidare, seier ordføraren.

Powered by Labrador CMS