nyhende

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) på besøk:

hordaland krf strando stortingsval
Dei hadde eit tett program, KrF-arane frå Hordaland valkrins, men eit stopp i Førde blei det tid til.F.v. Dag Inge Ulstein (1. kandidat), Ylva Bang (fylkessekretær Hordaland KrF), Morten Helland (4. kandidat), Sondre Natås Strand (Sveio KrF), Sondre Olsen (politisk rådgjevar), Joel Ystebø (3. kandidat), Beate Husa (5.kandidat).

– Sveio er eit godt potensiale for KrF

Ytterlegare styrking av barnetrygda, fritidskort til fleire kommunar og større verdsetjing av pårørandeomsorga er nokre av sakene KrF trekker fram som viktige element i valkampen. – KrF er eit parti som held løfte, seier Beate Husa.

Publisert Sist oppdatert

Stortingsvalliste KrF Hordaland

  1. Dag-Inge Ulstein, Bergen
  2. Astrid Aarhus Byrknes, Alver
  3. Joel Ystebø, Bergen
  4. Morten Helland, Bømlo
  5. Beate Husa, Bergen
  6. Magne Supphellen, Øygarden
  7. Frøydis Gullbrå, Vaksdal
  8. Jarle Skeidsvoll, Osterøy
  9. Malin Helene Andvik, Alver
  10. Torbjørn Brosvik, Stord
  11. Rebekka Ljosland, Bergen
  12. Jarle Jacobsen, Sveio
  13. Ingvill Kvalsnes, Øygarden
  14. Harald Rydland, Fitjar
  15. Jakob Enerhaug, Bjørnafjorden
  16. Gina Gjerme, Bergen
  17. Tom Jarle Istad Kristiansen, Voss
  18. Sarah Otragane, Bergen
  19. Hildegunn Eiane Aarthun, Kvinnherad
  20. Inge Andreas Halstensen, Austevoll
  21. Lisbeth Hanne Fredheim Oma, Kvam
  22. Ingmar Ljones, Bergen

Ti kommunar på to dagar. Valkamp kan bety lange, men òg innhaldsrike dagar for politikarane som gjerne vil ha flest mogleg frå sitt parti inn på Stortinget. Status for KrF er at dei i dag har åtte representantar inne, éin frå Hordaland. Lokalt i Sveio var oppslutnaden 7,6 prosent førre stortingsval.

Vil enda fleire stemma gult denne gongen? Det håpar sjølvsagt Dag Inge Ulstein og resten av følgjet som møtte lokal KrF-ar, Sondre Natås Strand på Strando i Førde sist veke. Lokalmedlemmet representerer også ei gruppe som er stor i Sveio-samfunnet – småbarnsforeldre.

Kontantstøtte

– Sveio er eit godt potensiale for KrF. Det er viktig med ein god familiepolitikk, ei oppvekst varer livet ut. Familiar må styrkast, ikkje styrast, seier Ulstein. Han er statsråd i regjeringa, og 1. kandidat på lista til Hordaland KrF.

Jarle Jacobsen er lokalpolitikar for KrF i Sveio og med i kommunestyret. I tillegg er han med i fylkesstyret i KrF. 12. kandidaten har ingen personlege ambisjonar for stortingsvalet.– Mitt hjarta ligg i lokal- og fylkespolitikken, men eg har ein draum om at KrF gjer eit godt val, og passerer sperregrensa med god margin, seier Jacobsen.

Nokre parti er klare på at dei vil ta bort kontantstøtta, som gir familiar moglegheit til å ha barn mellom 1 og 2 år heime i staden for barnehage.

– Kontantstøtta er viktig for mange. Den kan verkeleg forsvinna om KrF ikkje får påverka, seier Ulstein.

Næringsutvikling

Verdibasert næringsutvikling og vekst blir også trekt fram som element i KrF sin politikk i denne samanhengen.

I framtida ser Strand gjerne at eit industrifelt i nærleiken av E39 med detaljvarehandel, mykje likt Heiane på Stord blir etablert i Sveio. Han trur ikkje det vil gå ut over området som er definert som sentrum i dag.

– Det er viktig å styrka sentrum med funksjonane, men òg veldig opptatt av liv i bygdene, med næring og attraktive buplassar. Eg trur det vil vera med og begrensa handelslekkasjen, seier Strand frå Sveio KrF.

– Det er god KrF-politikk. Og så får ein skapt arbeidsplassar og auka skatteinngongen på same tid, nikkar Ulstein.

Eldrebølgja

I tida som kjem vil det stadig vera fleire eldre i samfunnet med behov for omsorg. KrF har eit svar på korleis utfordringane skal møtast som dei trur kan bli ei god løysing.

– Me vil anerkjenna verdien pårørande har i eldreomsorga. Det me gir har verdi, seier Beate Husa, som er helsebyråd i Bergen, og 5. kandidat på Hordaland-lista.

KrF har eit forslag som i korte trekk går ut på at pårørande som tar seg av eldre over 75 år med dokumentert behov for omsorg, kan få 7500 kroner i månaden, som ei kontantstøtte.

Det kan bety at eldre kan bu heime lengre før det blir nødvendig med sjukeheimsplass. Det kan ha mykje å seia for samfunnsøkonomien.

– KrF er eit parti som held løftene sine. Me viser igjen etter relativt kort tid i regjering, påpeiker Husa.

Powered by Labrador CMS