nyhende

Europameistrane frå Sveio: Bak frå venstre: Hedda Gravelsæter, Malin Nornes, Ingrid Andrea K. Panayiotou, Malin Åsbø, Emilia Åsbø, Sunniva Vikse, Ingeborg Storstein, Christiana Panayiotou og Marilena Panayiotou. Framme frå venstre: Maria Fonnes, Emmelin Hjelmeseter, Maren Selsås Katla, Anne Synnøve Breistig og Cecilie Førre Apeland.FOTO: ALEKSANDER INGVALDSEN
Europameistrane frå Sveio: Bak frå venstre: Hedda Gravelsæter, Malin Nornes, Ingrid Andrea K. Panayiotou, Malin Åsbø, Emilia Åsbø, Sunniva Vikse, Ingeborg Storstein, Christiana Panayiotou og Marilena Panayiotou. Framme frå venstre: Maria Fonnes, Emmelin Hjelmeseter, Maren Selsås Katla, Anne Synnøve Breistig og Cecilie Førre Apeland.

Sveio Drill vart europameister

Draumen har gått i oppfylling for jentene til Sveio Drill. Sundag gjekk dei heilt til topps med det norske flagget på drakta under Europameisterskapen i Italia.

Publisert Sist oppdatert

— Heilt fantastisk og ubeskriveleg!

Det seier hovudinstruktør Marilena Panayiotou, etter at hennar juniortropp frå Sveio Drill, for anledninga med Noreg sitt flagg på drakta, gjekk til topps i kategorien Exhibition under Europameisterskapen i Italia sundag.

Og då «Ja, vi elsker» vart spelt over høgtalane i den store hallen i Lignano Sabbiadoro nordaust i Italia, så var det ein gjeng med sveiojenter i alderen frå 14 til 21 år som song nasjonalsongen så høgt at det det truleg høyrdest langt utover Adriaterhavet.

Stolte jenter

Ifølgje Panayiotou er exhibition den mest krevjande kategorien innan drill. Troppen må levere sitt ypparste innan både marsj og dans, kor kvar del tel halvparten i dommarane si vurdering.

Sveio Drill i aksjon under EM i Italia.

14 nasjonar deltok i årets meisterskap i Italia. I klassen som Sveio-jentene sikra Noreg sigeren deltok seks nasjonar.

Vestavind snakka med hovudinstruktøren rett etter ein middag med resten av landslaget sundag kveld.

— Alle jentene er veldig glade, seier ho.

Marilena Panayiotou har med seg søstera Christiana Panayiotou og Hedda Gravelsæter som instruktørar for jentene.

Har jobba for pokalen

Jentene i Sveio Drill legger ned ein innsats som overgår mange andre idrettar, målt i kor mange timar dei trener. Måndag, onsdag og fredag trenar dei i hallen på Vigdartun. Tre timar kvar gong.  I tillegg har dei fleire helgesamlingar og konkurransar gjennom året.

Denne pokalen tek Sveio Drill med seg heim til Noreg.

— Med tanke på kor mykje tid jentene legger ned, er det utruleg kjekt å sjå at dei lykkast på denne måten, seier hovudinstruktøren.

Tiande gong for Noreg

Dette var faktisk tiande gong at Sveio Drill har kvalifisert seg til eit internasjonalt meisterskap. Den prestasjonen er Sveio Drill åleine om i Noreg.

— Det er slett ikkje verst for litle Sveio, humrar Panayiotou.

14 nasjonar deltok under Europameisterskapen i Italia.SKJERMDUMP FRÅ ARRANGØR

Frå før har Sveio Drill EM-gull Flag Baton, kor ein konkurrer med flag på drillstaven. Den disiplinen sto på programmet for første gong i 2019, den siste meisterskapen før korona-pandemien som sette sen stoppar for internasjonale konkurransar fram til årets meisterskap.

Dei ferske europameistrane kjem heim til Sveio først på tysdag, måndag skal meistrane vere turistar i Venezia, noko dei ser fram til etter intense dagar på EM.

Powered by Labrador CMS