nyhende

Butikksjef Renate Larsen ved Extra Sveio synes det er kjekt at så mange leverer panten sin i hennar butikk.FOTO: INFINITY
Butikksjef Renate Larsen ved Extra Sveio synes det er kjekt at så mange leverer panten sin i hennar butikk.

Sveio-butikk i pantetoppen

Hos Extra Sveio blei det panta over 688 000 flasker og boksar i 2021. Det er ny rekord, mest i Sveio og fjerde mest i heile Sunnhordland. – Me merkar at det er mange som pantar her, seier butikksjef Renate Larsen.

Publisert Sist oppdatert

Nordmenn bryr seg om miljøet, og sett kvart år nye rekordar i panting. Totalt blei det panta over 1,5 milliardar flasker og boksar i Noreg i 2021. Det er 12 prosent meir enn året før. Den gode panteinnsatsen bidrog til at totalt 34 220 tonn plast og aluminium blei resirkulert til nye produkt.

Dei høge pantetala hos Extra Sveio betyr at dei også er blant butikkane som fekk inn mest pant i Sunnhordland, skriv panteselskapet Infinitum i ei pressemelding.

Ti prosent vekst

Talet på panta boksar og flasker på Extra Sveio auka med 10 prosent i 2021.

Det vart levert pant til ein verdi av 688.000 kroner hos Extra Sveio i fjor.

— Dette er ei kjekk og miljøvenleg oversikt å toppe. Det har vore mykje fokus på panting i media og det er bra at endå fleire pantar. Hos oss står pantemaskinen lett tilgjengeleg ute i gangen, slik at det er enkelt å pante her. Det trur eg får mange til å kome hit med panten sin, seier Renate Larsen.

Alt blir resirkulert

Dei totale pantetala for Noreg i 2021 var 941 millionar boksar og 612 millionar flasker. Det utgjer 287 boksar og flasker for kvar einaste nordmann. I tillegg kom det inn 14,5 millionar utanlandske einingar utan pant.

— Me er svært glade for at folk er så gode til å pante. I vårt system blir absolutt alt resirkulert, igjen og igjen, så panting er svært miljøvennleg, seier Randi Haavik Varberg, direktør for marknad og kommunikasjon i Infinitum.

Desse 5 butikkane fekk inn mest pant i Sunnhordland i 2021:

1. Rema 1000 Husnes, Kvinneherad kommune: 1 million
2. Spar Haga, Stord kommune: 845 000
3. Kiwi Heiane, Stord kommune: 708 000
4. Extra Sveio, Sveio kommune: 688 000
5. Kiwi Sagvåg, Stord kommune: 682 000

Desse 10 butikkane fekk inn mest pant i Sunnhordland i 2021:
1. Rema 1000 Knarvik, Alver kommune: 2,2 millionar
2. Rema 1000 Wergeland, Bergen kommune: 1,7 millionar
3. Kiwi Palmafossen, Voss herad: 1,6 millionar
4. Rema 1000 Godvik, Bergen kommune: 1,5 millionar
5. Rema 1000 Eidsvåg, Bergen kommune: 1,48 millionar
6. Extra Nyborg, Bergen kommune: 1,42 millionar
7. Kiwi Storebotn, Askøy kommune: 1,4 millionar
8. Rema 1000 Drotningsvik, Bergen kommune: 1,36 millionar
9. Rema 1000 Fjøsanger, Bergen kommune: 1,28 millionar
10. Rema 1000 Ågotnes, Øygarden kommune: 1,2 millionar

Powered by Labrador CMS