nyhende
Sveio-bønder vann gjev nasjonal pris: — Dette er veldig stort
Oppdrettarane Anne Bakke Handeland og Frode Handeland frå Sveio kunne endeleg taka imot Geno sin avlsstatuett for 2021.
Premien vart overrekt til Handeland-paret under årsmøtet til avlsselskapet Geno på Hamar denne veka.
— Stort
Statuetten, ein kalv støypt i bronse, var ei premiering av den framavla NRF-oksen 12172 Dynjo – saman med ein sum på 10.000 kroner. Oksen er kåra til landets beste NRF-okse når det gjeld avlsverdi.
— Dette er veldig stort for oss. Eg hadde aldri trudd at me skulle få til å oppnå noko slikt. Det har ikkje heilt gått opp for meg at me har vunne denne prisen, seier ei overraska, men særs nøgd Anne Bakke Handeland.
Fyrste statuett på Haugalandet
Det er 29 år sidan Anne og mannen Frode Handeland kjøpte garden Dynjo i Sveio.
I laupet av åra på Dynjo har dei fått ei stor interesse for avlsarbeid, og resultatet ser ut til å vera vellukka.
— Kva er det som gjer denne NRF-eliteoksen ekstra spesiell?
— Han har ei rekkje gunstige eigenskapar når det kjem til mellom anna lynne, jur, bein og kvalitet på mjølk og kjøt, seier Anne.
Ho presiserer at kalvane av 12172 Dynjo kan verta store, og at det difor ikkje er tilrådd å bruka denne eliteoksen på dei yngste kvigene som ikkje har vore gjennom fødslar tidlegare.
Avlsstatuetten Handeland fekk tildelt, skal vera den fyrste som er overrekt til oppdrettarar på Haugalandet.
— Bronsekalven skal få ein fin plass i stova, avsluttar Anne.