nyhende

Sveio blant plassane som får mest regn

For dei som håpa at vêret skulle roa seg onsdag, er det dårleg nytt. I alle fall regnmessig. Og i Langevåg ligg framleis «Bømlafjord» til kai.

Publisert Sist oppdatert

I skrivande stund ser der ut at uvêret ikkje har ført til alvorlege hendingar. Ein trebåt på rek, nedblese skilt, båt som har slite eine fortøyinga og enkelte rotvelt er det Vestavind kjenner til.

Og sjølvsagt ferjesambandet Langevåg–Buavåg der «Bømlafjord» har lagt til kai sidan måndag kveld.

Blir truleg liggande ved kai

– Det er ikkje med lett hjarta me ligg her, men tryggleiken kjem først, seier skipper Gösta af Geijerstam til Vestavind tysdag ettermiddag.

Han fortel at dei følgjer vêr og vêrvarsel tett.

– Blir det avgangar før i morgon?

– Me vurderer situasjonen time for for time, men slik vêrvarselet ser ut no, tvilar eg på at me klarar nokre avgangar i dag. No er det Buavåg som er den største utfordringa. Me følger med heile tida, og har også kjensfolk i Buavåg som melder frå til oss korleis tilhøva er lokalt. Straks det opnar seg mogelegheit for å gå igjen, vil det bli sendt ut varsel, seier af Geijerstam.

Mykje regn midt i leio

«Hans» ser ut til å ha meir å by på kommande døgn. Fram til torsdag formiddag er det venta så mykje regn på Vestlandet at Meteorologisk institutt vurderer farevarsel. Rett nok er det gult, som er den lågaste graden, men det er rikeleg med mørkeblått på kartet.

Sveio ligg midt i leio for områda der det kjem mest regn kommande døgn. Fram til torsdag føremiddag er det venta 60-70 millimeter i dei mest utsette områda på Vestlandet.

Det har rett og slett vore ein skikkeleg haustdag tysdag med vind, regn og 10-11 grader. Meir likt oktober enn august. Temperaturen held seg låg fram til fredag, medan vinden begynner å løya i morgon formiddag. Men det er meldt kuling i kasta heilt fram til i 12.00-tida.

Powered by Labrador CMS