nyhende
Sveio Auto lanserer «nytt» bilmerke
Sveio Auto AS blir forhandlar av KGM (tidlegare SsangYong) sine bilmodellar Rexton, Musso Grand, og elbilen eKorando i Rogaland, inkludert Sveio og Etne.
Sør-koreanske KGM har gjennomgått ei omfattende fornying dei siste åra, inkludert nytt namn, identitet og lansering av nye modellar under nye eigarar.
– Med denne strategiske investeringa har Sveio Auto AS og Etne Auto AS også sikra seg profesjonell marknadsføringsstøtte. Saman med KGM satsar me stort på å levera eit breitt utval bilar til Vestlandet og Nord-Rogaland, skriv Sveio Auto, som er eigd av Etne Auto, i ei pressemelding.
KGM-bilane er allereie tilgjengelege, og Sveio Auto, med Vegard Nordvik som dagleg leiar, er stolte av å vera den eineste forhandlaren som har tatt initiativ til å tilby desse bilane i vår region, står det vidare i pressemeldinga.