nyhende
Sveio-artist med store planar
Andreas Carlos Furdal med artistnamn Caliow har store planar i siktet.
Det handlar om å smi medan jernet er varmt. Artisten Caliow, som i skrivande stund sit i heimkommunen Sveio, fortel om store planar og ei spanande tid i vente i Oslo. Med ny musikk på gong gler han seg til å dra tilbake til studioet for å arbeida.
Ute med oppfølgjar
Etter ein storsuksess med songen «Cuckoo Bird» som har fått om lag 150 000 strømmingar på straumtenesta Spotify, slapp han fredag 21. januar ut ny låt med tittel «My Number One».
— Songen har ikkje hatt like kraftig vekst som min forrige, men det er framleis tydeleg auking i tala, fortel ein fornøgd artist.
Andreas Carlos er aktiv på sosiale forum kor han med jamne mellomrom legg ut eigenproduserte låtar, men også cover-låtar frå andre artistar.
Nye dører vert opna
Etter ein vekst i strømminga fortel Furdal at nye dører blei opna for han. I dag samarbeider han tett med Hovudstaden Music, men han fortel også at han jobbar jamnt og trygt saman med andre selskap.
— Å arbeida saman med andre menneske i produksjon av noko nytt, er ei heilt anna oppleving enn å sitja aleine å halda på. Det å kunne kasta ball saman med nokon andre utgjer ein så stor forskjell for sluttresultatet, fortel artisten.
Stor motivasjon
— Å høyra songen din bli spelt på treningssenter, og få meldingar frå både kjende og kjære at musikken din er bra, gir deg sjølvsagt ein motivasjon for å fullføra arbeidet, fortel Andreas Carlos.
I dag har artisten om lag 18 000 månadlege lyttarar på Spotify, og tala er stigande. Med ei tid med mindre korona tiltak, er artisten klar for å gi gass igjen, og gler seg til å kunne halda konsertar live.