nyhende

Sveio-arkiv på flyttefot

Hundre esker med arkivmateriale blei torsdag henta ut av tilfluktsrommet i kjellaren på kommunehuset og transporterte til Interkommunalt arkiv i Bergen.

Publisert Sist oppdatert

Sveio er medeigar i Interkommunalt arkiv saman med 23 andre kommunar i IKA Hordaland, som sikrar viktig historisk materiale for kommunane inne i Fløyfjellet.

Skal digitaliserast

Innhaldet i eskene som blei sende nordover torsdag, er frå 1974 og framover. Ved arkivet i Bergen skal dokumenta etter kvart digitaliserast.

– Eg veit ikkje kor lang tid dette vil ta. Det er truleg ikkje blant dei høgast prioriterte oppgåvene ved arkivet, seier Bodil Waage. Ho er leiar for servicekontoret i Sveio og ansvarleg for arkivet.

Waage var sjølv med på å stabla esker på pallar saman med mellom andre konsulent Eva Basmo Kleppe, Eivind Nærum og ordførar André Mundal Haukås.

Meir igjen

Dei får truleg sjanse til å visa musklane sine seinare også, for Sveio har enno mykje arkivmateriale som skal overførast til Interkommunalt arkiv. Kor mykje dette kan vera snakk om og når flyttinga vil skje, kan ikkje Waage seia sikkert i dag.

Det er regelverket for arkivering og ikkje skjerpa krav til beredskap som gjer at det no er blitt betre plass i tilfluktsrommet på kommunehuset, opplyser ordføraren.

Powered by Labrador CMS