nyhende

Ruth Victoria Rømyhr er aktuell med singelen 'ZENsations' på nettsida Urørt. FOTO: MEISALFOTO
Ruth Victoria Rømyhr er aktuell med singelen "ZENsations" på nettsida Urørt.

Sveibu tilbake i musikkbransjen

Ruth Victoria Rømyhr tok ein lang pause frå musikken etter ho som tiåring deltok i MGP Junior. 11 år seinare er ho tilbake, no med artistnamnet Rü og ein anbefalt singel på Urørt.

Publisert Sist oppdatert

— Eg tenkjer å kome heim igjen til påske, seier Ruth Victoria Rømyhr.

Ho vaks opp i Sveioåsen og har budd i snart to år i hovudstaden. Der jobbar ho vanlegvis som aktivitetskoordinator på ein skule, kor dialekta hennar er til barnas store glede.

— Dei synest det er veldig gøy å herma etter meg. Skal ting gå litt fortare så er det enklare for meg å byta over, humrar ho.

Urørt

Men dialekta kjem ho likevel til å behalda.

— Når eg snakkar med vener er eg framleis ganske tjukk i dialekta, seier Rømyhr.

For tida er jobben i skulen sette litt til sides, då fokuset ligg på lidenskapen hennar, musikken.
Rømyhr har nemleg gitt ut ein singel som heiter «ZENsations» under artistnamnet Rü.

— Ein kan tolka namnet på singelen slik ein vil. Eg er for at ein ikkje skal vera så mykje i andre sine saker. Eg synest me har mista mykje av medmenneskeligheita, og eg ser lite aksept for nytenking. Så det er min måte å seia at me må kanskje roa ned og finna tilbake til det gode. Til kjærleiken, seier ho.

Singelen kan inntil 3. mars berre høyrast på P3 Urørt, ei nettside kor norske artistar kan legga ut musikken sin gratis.

Hensikta med Urørt er at det skal verta enklare for komande stjerner å få merksemd, noko som har funka greit i Rømyhr sitt tilfelle.

— Singelen har gjort det ganske bra. Den har vore ute i ein månad og vorte anbefalt av Urørt. Då får den ein del avspelingar på radio. Det har vore ganske gøy, seier Rømyhr.

Lyttarar kan sjølv røysta på kva som skal verta årets song, som gjev ein pris og stor merksemd til vinnaren.

Komande album

Rømyhr har mykje på gong. Ho vart signert til eit plateselskap og planlegg å sleppa sitt første album i år. Innspelinga gjekk overraskande fort.

— Første gong eg var i studio var 20. september, og no er albumet klart. Det har gått ganske hurtig fordi eg alltid har visst kva eg skal gjera, seier Rømyhr.

Framover vert det travelt. Ho skal gjera mykje av det kreative arbeidet til albumet sitt sjølv, til dømes design av omslaget. Det trivst ho godt med.

— Eg har mykje ansvar der sjølv og likar det. Eg er ein veldig kreativ person, og eg er omringa av snille og kreative folk, seier Rømyhr.

— Har du eit namn på albumet?

— Eg sit og slit med det sjølv. Eg har mange idear, men det er gøy å ha litt mystikk rundt det, ler ho.

Som mor som dotter

Kva musikksjanger ho tilhøyrer er vanskeleg å svara på.

— Eg seier alltid at eg ikkje kan henga meg på ein krok, seier Rømyhr.

Men ho har nokre retningar ho er særskild prega av.

— Eg er veldig inspirert av jazz. Mamma har spelt mykje jazz gjennom oppveksten, og produsenten min er også veldig glad i jazz.

— Så du har jazz frå mor din?

— Ja, ho spelar piano som ein hobby. Ho elskar å seia at ho ikkje er musikar, men ho er veldig flink. Ho har gått på musikkkonservatoriet og spelt saksofon.

Rømyhr har enno ikkje fått mora til å spela saksofon for seg, men har heller ikkje gjeve opp håpet.

Frå MGPjunior til studio

Mange sveibuar hugsar mogelegvis Rømyhr frå 2012, då ho var med i songkonkurransen Melodi Grand Prix Junior, med songen «Skate».

— Eg hadde mot til å vera ein tiåring kan ein seia. Eg er takksam for alt eg fekk oppleva gjennom MGP, og har vener som eg framleis har kontakt med i dag, seier ho.

Vegen til musikken var ikkje utan hinder.

— Eg har hatt trakialstinose, som betyr at eg hadde for mykje slimproduksjon i halsen og for lite røyr, seier ho.

Det vart fiksa av ein av Europa sine største spesialistar, og ho har framleis eit lite arr i halsen.
Etterpå enda ho opp med å sjå på song som ei gåve.

— Når me fann ut at eg kunne synga, måtte eg nesten berre gjera det, seier ho.

No ser ho framover mot våren, sitt første album og konsertar.

— Me hadde nyleg eit møte der me planla konsertar. Me jobbar mot det, seier Rømyhr.

Powered by Labrador CMS