nyhende

Styreleiar Knut Eide Løkhammer i Byråaet Sydvest, nytilsett dagleg leiar Bernt Hilmar Jacobsen og avtroppande dagleig leiar Olav AnderssenFOTO: SVENJA KINAST
Styreleiar Knut Eide Løkhammer i Byråaet Sydvest, nytilsett dagleg leiar Bernt Hilmar Jacobsen og avtroppande dagleig leiar Olav Anderssen

Sveibu til leiarstilling på Stord

Bernt Hilmar Jacobsen (48) frå Sveio er tilsett som dagleg leiar i eit kommunikasjonsbyrå på Stord.

Publisert Sist oppdatert

Bernt Hilmar Jacobsen blir ny dagleg leiar for kommuikasjonsselskapet Byrået Sydvest AS på Stord.

Han tar over stillinga frå 1. mars i år.

– Me er svært nøgd med å få Bernt Hilmar til oss. Han har arbeida i bransjen i 27 år, og har all den faglege tyngde og breiddekompetanse me treng, for å vere eit fullservice kommunikasjonsbyrå, seier styreleiar Knut Eide Løkhammer, i ei pressemelding.

Busett i Sveio

Bernt Hilmar er busett i Sveio og har arbeida i Garp Design/Appex dei seinaste åra.

– Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva. Eg har fulgt med på Byrået Sydvest lenge og den kompetansen selskapet innehar blir utruleg spennande å jobbe med, fortel Jacobsen. Styret har gjort ein god jobb med å rigge oss for dei store endringane som bransjen er i. Me har spisskompetanse og stor breidde i leveransespekteret vårt. Me er i en særstilling god posisjon for å levere kvalitet og kreative løysingar som begeistrar.

Auka etterspurnad

Olav Anderssen, som har leia Byrået Sydvest sidan oppstarten, vil vera med vidare i ei ny rolle og vera involvert i prosjekt kring fullservicekundar.

– Me opplever no at fleire større aktørar både i industri og andre næringar, forstår fordelen med å knytta til seg eit byrå som ser heilskapen i kommunikasjon, med alt frå strategi til profil og skilt og dekor. Slutten av 2021 var utruleg bra, med fleire nye kundar og spennnande prosjekt for eksisterande kundar.  Det er difor allereie klart for oss at 2022 vert eit travelt og godt år, seier Olav Anderssen.

Powered by Labrador CMS