nyhende

Jan Reinert Vestvik er senioringeniør ved passsjerskipsavdelinga i Sjøfartsdirektoratet. No har han søkt på leiarstilling i heimkommunen. Foto: Sjøfartsdirektoratet
Jan Reinert Vestvik er senioringeniør ved passsjerskipsavdelinga i Sjøfartsdirektoratet. No har han søkt på leiarstilling i heimkommunen.

Sveibu sentral i historisk lovarbeid

Sjøfartsdirektoratet har sendt ut ei ny forskrift om tryggleik i passasjerområde. Det er den første forskrifta frå direktoratet på nynorsk. Det kan ein mellom anna takka Jan Reinert Vestvik frå Auklandshamn for.

Publisert Sist oppdatert

Jan Reinert Vestvik har vore prosjektleiar i arbeidet med den nye forskrifta.

Han fortel til Vestavind at forskrifta vart skrive på nynorsk som ei resultat av at alle dei tre som har jobba mest oppgåva er flaska opp i nynorsk-kommunar. Høvesvis i Sveio, Stord og Ørsta.

— Slik sett var det naturleg for oss at forskrifta vart skrive på nynorsk, forklarar han.

Han legg til at det elles er i tråd med språklova, som slår fast staten har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som det minst bruka norske skriftspråket.

Vestvik vaks opp i Auklandshamn, men er no busett i Haugesund. Han har jobba i Sjøfartsdirektoratet i 9 år.

Han er utdanna navigatør og er ein av dei mange i direktoratet som har kome inn sjøvegen.

Fleire forbetringar

Den nye forskrifta erstattar elles ein 50 år gammal forgjengar. Den er tilpassa moderne krav og legg betre til rette for det grøne skiftet, heiter det i ei pressemelding frå direktoratet. Den viktigaste endringa med tanke på det grøne skiftet er at ein del krav som har ført til unødig vekt om bord er fjerna. Dette var i hovudsak krav som var knytte til komfort eller sørvistilbod om bord.

— Næringa får dermed større fleksibilitet og det blir enklare å byggje små lette båtar for til dømes urbane område. Det er Ruter i Oslo som har vore den sterkaste pådrivaren for denne fleksibiliteten, seier senioringeniør på passasjerskipsavdelinga, Jan Reinert Vestvik.

Den nye forskrifta inneheld også fleire forbetringar, blant anna strengare krav til utforming av trapper og rekkverk. Dei nye krava kjem som følgje av ulukker.

— Bratte trapper på ferjer og snøggbåtar har ført til fleire ulukker der passasjerar har fått alvorlege skadar. Den nye regelen for utforming vil gjere trappene tryggare. Vi har også sett døme på at opningar i skutesidene kan vere farlege for nysgjerrige barn, og vi har derfor skjerpa sikringa av slike, seier Vestvik.

Tryggare transport

Det er også teke inn ein regel om transport av «farleg reisegods». Det er eit behov som Hurtigbåtforbundet HRF har meldt inn, og det gjeld særleg øysamfunn der snøggbåten er einaste transportmiddel. Det kan vere snakk om transport av gass til grillen, bensin til plenklipparen og liknande.

— Dei ordinære reglane for transport av farleg last er ikkje tilpassa privatpersonar, så no legg vil til rette for at små mengder farlege reisegods kan transporterast på ein sikker måte. Det er også teke inn særskilde krav ved transport av elsparkesyklar, elsyklar og andre mindre elektriske køyretøy, nemner Vestvik.

Powered by Labrador CMS