nyhende

Sveibuen Arne Birkeland er tilsett som administrerande direktør i Rambøll Norge.
Sveibuen Arne Birkeland er tilsett som administrerande direktør i Rambøll Norge.

Sveibu ny toppsjef i Rambøll Norge

Arne Birkeland frå Sveio er tilsett som ny administrerande direktør i Rambøl Norge. Han byrjar i den nye jobben 1. mars, men blir framleis buande i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

– Det blir pendling, ja. Me har skaffa oss ei leilegheit i Oslo der eg skal bu i vekene. Sidan me også har ei dotter og eit barnebarn i Oslo, blir det nok litt til og frå. Men me likar oss så godt i Sveio at det framleis er her me vil  bu, seier Birkeland til Vestavind.

Brei erfaring

Både Arne Birkeland og kona hans kjem frå Moster, men flytta til Sveio i 1995. Han er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole i Bergen og har tidlegare leia skipsarkitektar og ingeniørar både i Wärtsilä og Aker Solutions.

Han var med på å byggja opp Westcon Group som konsernsjef frå 2013. Dei siste fem åra har han vekependla til Ålesund, der han har vore konserndirektør i Mørenot. Han slutta i denne jobben ved årsskiftet.

Får vera med å påverka

Nå gler han seg stort til å ta fatt i Rambøll, ikkje minst på grunn av breidda i dette selskapet si verksemd og den innverknaden på samfunnsutviklinga dette gir i ei tid der mellom anna klimautfordringane tvingar fram nye løysingar. Birkeland sin nye arbeidsgjevar tilbyr arkitet- og rådgjevingstenester på brei front.

– Verda står overfor ei omstilling me ikkje har sett maken til. Med Rambøll får eg vera med å tilby løysingar for endringane me som samfunn skal gjennom. Det å få medverka til Rambøll si utvikling gjennom verksemda i Noreg, omslutta av både globale og lokale ekspertteam, er eit utfordrande, men ekstremt spennande oppdrag, seier Birkeland i ei pressemelding som Rambøll Norge har sendt ut.

Sjef for 1.700 tilsette

I den nye jobben sin får Birkeland ansvar for 1.700 tilsette i Noreg, fordelte på 12 kontor rundt om i landet. I tillegg har selskapet eit hundretal tilsette utanfor landets grenser.

– Eg reknar med det blir ein del reising innanlands, i alle fall i førstninga. Og så er eg glad for den erfaringa eg har med internasjonale samarbeidspartar. I Mørenot arbeidar for eksempel to tredelar av dei tilsette i andre land, seier Birkeland.

I Rambøll Norge etterfølgjer Birkeland Ole-Petter Thunes som administrerande direktør. Thunes vil halda fram i selskapet som senior prosjektdirektør og jobba tett med både kundar og tilsette.

Powered by Labrador CMS