nyhende
Sveibu med utsikt til vulkan: – Me er vande med det
Ho kom frå Island til Sveio og drog i sommar tilbake att. No bur Kristjana Helga i synleg, men trygg, avstand til vulkanutbrotet nært byen Grindavik. – Heile himmelen er berre raud, seier Helga.
Kristjana Helga flytta tilbake til Island i sommar etter mange år i Sveio. Difor ynskjer ho først og fremst å avklara ein ting, dei er ikkje i fare, og vulkanutbrot på Island er ikkje noko nytt.
– Me er vande med det, seier ho.
Ho bur ikkje så langt unna Grindavik, byen som ligg nærast utbrotet. Kristjana oppdaga først kva som hende då ho kom ut frå kinoen ein ettermiddag.
– Då me køyrde heim såg me det med ein gong og tenkte «er det eit utbrot eller?». Og det var det, seier ho.
Heile himmelen raud
Den fargerike verda i filmen Willy Wonka, som dei hadde sett, fekk eit slags ekko på den islandske himmelen då dei kom heim til stova.
– Biletet eg la ut på Facebook er teken to timar etter utbrotet. No er det tydeleg, og me kan sjå mykje meir av det raude lyset. Tidlegare utbrot i nærleiken har me berre sett ein liten flekk, men no er heile himmelen raud, seier Helga.
Den tidlegare læraren på Sveio skule har budd i elleve år i Sveiobygda og har mange gode minne. No jobbar ho i barnehage for å få meir erfaring om barn som skal byrja på skulen.
– Det er veldig spanande. Eg gjer det for å utvikla meg sjølv, og då vil eg ikkje berre lesa om det. Eg likar å forska på ting sjølv, seier ho.
Ikkje problemfritt
Sjølv om dei ikkje er i fare, er det ikkje heilt problemfritt med ein aktiv vulkan i nærleiken.
– Ingen er i fare, men på Island er det slik at me får varmt vatn og mykje av straumen vår frå varme i jorda. Difor vert me råka når utbrotet er så nære. Då kan me ikkje nytta husvarme og liknande, seier ho.
No ser det ut som utbrotet har byrja å roa seg, men dei er ikkje sikre. Det einaste farlege er om nokre lokale vert for nyfikne.
– Me islendingar er jo litt nysgjerrige og går turar dit sjølv om politiet seier me ikkje skal gjera det, men nokon gjer det likevel, humrar ho.
Helser til Sveio
Forutan rifta i jordkloden som sprutar opp varm og flytande stein, er fokuset hennar på den komande julefeiringa. I den anledning ynskjer ho å dela nokre ord med sine tidlegare sambygdingar:
– Skriv at eg gjev dei masse gode og varme julehelsingar frå «islendingane i Sveio», til alle våre vener og tidlegare kollegaer. Me har det bra her, og ingen er i fare på Island. Og takk for gode stunder. Me er veldig takksame for alle dei gode opplevingane i Noreg og Sveio, avsluttar ho.