nyhende

Andreas Nordentoft Ekrene frå Sveio og FK Haugesund spelte heile kampen mot Østerrike tysdag.ARKIVFOTO: HTG
Andreas Nordentoft Ekrene frå Sveio og FK Haugesund spelte heile kampen mot Østerrike tysdag.

Sveibu klar for G17-landslaget

Andreas Nordentoft Ekrene (17) frå Sveio har hatt eit spennande døgn som fotballspelar. Torsdag vart han for første gong tatt ut som ein del av A-troppen til FK Haugesund. Og fredag vart han tatt ut på det norske G17-landslaget.

Publisert Sist oppdatert

17-åringen frå Bjelland i Sveio er i ferd med å fullføre første året på Haugesund toppidrettsgsymnas (HTG), og speler til dagleg i for FK Haugesund G18- og rekruttlag.

Midstopparen, som starta karrieren i Sveio IL, sat på benken for FKH sitt A-lag for første gong torsdag, då dei slo Djerv 1919 3-1 i første runde i NM-cupen torsdag kveld.

— Målet mitt er å bli så god at eg får sjansen til å spele for FKH i eliteserien, sa han til Vestavind i januar.

No er han altså så god at tidlegare landslagsspelar og utanlandsproff - og no G17 landslagstrenar, Gunnar Halle, tok sveibuen ut i troppen som reiser til Marbella i Spania for å spele mot England og USA høvesvis 4. juni og 9. juni.

Dette er Noreg sin tropp:

Peder Hoel Lervik — Molde

Filip Loftesnes-Bjune – Sandefjord

Ethan Day Amundsen – FC København

Håkon Røsten – Rosenborg

Oliver Kvendbø Holden – Rosenborg

Aleksander Andresen – Stabæk

Benjamin Thoresen Faraas – HamKam

Jonas Tviberg Torsvik – Brann

Markus Haaland – Brann

Andreas Eikrem Myklebust – Molde

Alexander Gurendal – Valencia

Luca Maierano – Lierse

Tarik Mrakovic – Sarpsborg 08

Aridon Racaj, Sarpsborg 08

Leandro Elvestad Neto – Lillestrøm

Jakob Tveit – Brann

Magnus Brøndbo – Roma

Marius Weidel – Kristiansund

Andreas Nordentoft Ekrene – Haugesund

Runar Norheim – Tromsø

Powered by Labrador CMS