nyhende

Gunnar Hammer gler seg til konsert.FOTO: PRIVAT.
Gunnar Hammer gler seg til konsert.

Sveibu feirar 50-årsdag med eigen konsert

Når Gunnar Hammer fyller 50 år slår han verkeleg på stortromma. Leigd lokale med plass til hundrevis, og ein plan om å spele sjølv. Sidan barndomen på Ekrene har song og latter falle naturleg. — Det har alltid vore ein del av meg, seier Hammer.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag 28. januar kjem den store dagen, på fleire måtar. For det første så feirar Gunnar Hammer sin femtiande fødselsdag. For det andre skal han sjølv på scena i eit stort lokale, Høvleriet i Haugesund.

Vegen dit byrja allereie i barndomen, på ei slette på Ekrene.

— Eg vaks opp midt på sletta med trailerane som nærmaste nabo, seier Hammer.

På den tida såg det litt annleis ut sør i Sveio.

— Då var det berre utmark der, seier Hammer.

Blomstra seint

Frå han var liten av var det mykje musikk i heimen, og takka for det rettar han til sin mor.

— Eg hadde ei mor som lærte meg gitar og munnspel, seier Hammer.

Han understrekar at det er på amatørnivå. Det vart fleire anledningar i ungdomen til å prøva seg ut.

— I ungdomen song eg og spelte gitar på fest på Vikse og Støle. Og, eg var nisse på ein av juletrefestane på ein nabogard. Då spelte eg alle songane på trekkspel, seier Hammer.

Men musikken fekk ikkje like mykje plass på utsida i livet, som den mogelegvis tok opp på innsida. Det endra seg heilt då han vart med i eit kor i Haugesund.

— Det var i mannskoret Vibran eg verkeleg trådde fram i ljoset, seier Hammer.

Koret Vibran skal også vere med på konserten hans, i tillegg til nokre andre innslag.

Hammer har drøymt om å halde konsert i fleire år. Han har ikkje tort det før no, både grunna janteloven og ei frykt for at ingen skal kome.

Han hoppar i det, og det kan ein takka kjærasten for.

— Ho har lagt positivt press på meg, seier han.

Sjølve kjensla føre konserten er ei som vippar begge vegar, og Hammer forklarar det med ein referanse til eit tv-program som mange foreldre med små born kjenner.

— Eg gler meg. Eg seier som Karsten og Petra, eg gru-gler meg, humrar Hammer.

Mykje minne frå Sveio

I dag bur han i Haugesund. Det er der konserten skal haldast.

Men, Hammer har ikkje gløymd kor han kjem i frå.

— Eg bur nord i Haugesund, nærmast Sveio. Det er løye det at når du er i frå Sveio så buset du deg ikkje langt sør som til dømes Vormedal, men nærmare Sveio, seier han.

Han flytta frå bygda til byen i sitt nittande år. Frå tida si sør i kommunen sit han igjen nokre gode historier.

— Eg har mange minne frå skulen, om det eg vil kalla uskuldig hersing med lærarar, ler Hammer.

I likskap med mange andre var det fotball som sto høgt i kurs i ungdomen, og sykkelturane for å kome seg til banen.

— Me spelte fotball på ein grusbane, eller, det var gras i hjørna. Det kom ein grasbane då me vart eldre. Og så hadde me fotballtrening utandørs uansett, enten det var sumar eller is på bakken, seier han.

— Korleis er det å spele fotball på grusbane dekte av is?

— Det er farleg, humrar han og fortset.

— Det var ikkje HMS på 80-talet, seier Hammer.

Sommarfuglar

Nokre tiår seinare frå utfordrande fotballtreningar er det ein mann med sommarfuglar i magen.

Om berre nokre veker skal han få oppfylt ein draum frå ung alder, samstundes som han feirar ein stor dag i livet.

— Det er ambisiøst og utradisjonelt, seier Hammer.

Frå scena håpar han å sjå kjende fjes frå alle epokane i livet.

— Eg har allereie fått beskjed at nokre barndomsvenar skal kome, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS