nyhende

Svart fyring: Eit VEDvarande problem

Vedgründer Trond Fjørtoft meiner rundt 30 prosent av all ved blir omsett svart og at svartsalet utgjer nær 1,5 milliardar kroner i året. – Udokumenterte spekulasjonar, svarar konkurrent.

Publisert Sist oppdatert

Skatteetaten: Kjenner ikkje omfanget

Skatteetaten seier til NPK at dei ikkje kan uttale seg om omfanget av det påståtte svarte salet av ved.

– Skatteetaten er kjend med at dette er ein bransje der svart omsetjing kan førekomme. Av naturlege årsaker kommenterer me ikkje korleis me organiserer kontrollarbeidet vårt, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

Etaten vil heller ikkje seie noko om dei tidlegare har retta ekstra merksemd mot vedbransjen med meir omfattande kontrollar, eller om dette er noko dei vurderer:

– Me arbeider kunnskaps- og risikobasert med kontroll, og dei som ikkje rettar seg etter regelverket, tek alltid ein risiko for å bli kontrollert og følgt opp. Som alltid oppmodar me publikum til å betale via bank og be om faktura/kvittering når dei kjøper varer.

– Somme lokale vedprodusentar synest kanskje dei fortener litt svart attåtinntekt. Nokre utgiftsfører jamvel tømmer, maskiner og driftsutgifter, men er gjerne litt omtrentlege med å oppgi salsinntektene. Er det slik vi skal byggje ei seriøs næring i energimarknaden?

Om det ikkje var ein brannfakkel Trond Fjørtoft (57) nettopp kasta inn i ryktet til næringa, så har han moglegvis freista å fyre opp ein våt bjørkekubbe. Den kan som kjent både frese og smelle.

Det gjer det også når Fjørtoft dreg to strekar under reknestykket han har sett opp, der han spekulerer i omfanget av det svarte, norske vedsalet.

Halvannan milliard kroner, anslår han altså. Korleis han rekna seg fram til det, skal me sjølvsagt kome attende til.

Men først: Ein fyr flammar.

Kortreiste kubbar

Han vaks opp på øya Fjørtofta mellom Ålesund og Molde. Der fyrte dei rett nok med både ved og torv, men det var først etter å ha selt seg ut av eit IT-selskap og prøvd seg på kortreist mat at Fjørtoft bestemte seg for å bruke kompetansen frå sal, marknadsføring og logistikk til eit meir praktisk handterleg produkt. Sommaren 2016 vart Norsk Ved AS registrert og kortreistved.no lansert.

Ei områdebasert bestillings- og logistikkløysing for vedsal, kallar han plattforma, som marknadsfører lokalprodusert ved over heile landet. Kundebestillingane blir kopla opp mot vedprodusentar i nærområdet til kundane. Alle kundar må tinge levering minimum 12 dagar fram i tid, slik at leverandøren kan kombinere bestillinga med andre leveransar. Om naboane også tingar, får alle avslag på frakta. Før jul kjem det også tilbod om større gruppekjøp.

– Målet er heile tida å levere så lokalt som råd, og at leverandøren kan køyre ut flest mogleg bestillingar i ein og same bil. Leverandøren slepp dessutan å administrere sal og rekneskap, og får faste og føreseielege leveringar gjennom året, reklamerer Fjørtoft.

– Gjennom plattforma meiner eg dei lokale vedprodusentane kan bli profesjonelle og samla nok til å konkurrere mot større kommersielle aktørar. Butikkmarknaden har også oppdaga verdien i lokal handel. Vi har mellom anna avtaler med CircleK, Shell og Norgesgruppen.

Sommarsal

Forretningsmodellen inneber at vedleverandøren får mellom 90 og 95 prosent av omsetnaden, medan plattforma beheld resten. I fjor var omsetnaden på 52 millionar kroner.

Likevel er botnlina eldraud. Etter fjorårets underskot på 3,2 millionar er det samla tapet sidan oppstarten no oppe i 14,4 millionar.

– Å vere gründer er tøft, men i fjor vart det haraball då det plutseleg rann inn med bestillingar og vi fekk 10.000 nye kundar. Vi er jo avhengige av volum, og har brukt meir enn 20 millionar på systemutvikling og marknadsføring. Slik sett har vi trengt eit år med konsolidering. Om årets omsetnad held seg på nivå med fjoråret når vi skriv desember, skal eg difor vere nøgd.

At vedforbruket er redusert med ein tredel sidan 2010 har ikkje gitt Fjørtoft mindre tru på verksemda si. Tvert om er han framleis på jakt etter nye leverandørar for å dekke opp etterspurnaden.

– Nordmenn likar den særeigne varmen frå ved, og mitt inntrykk er at folk forstår at vedproduksjon kostar. I tillegg er jo veden folk sitt private beredskapsmagasin. Om folk ikkje hadde supplert med vedfyring på dei kaldaste dagane, ville jo også heile elnettet ha kollapsa.

Brenn for berekraft

Å brenne for ved, betyr også å brenne for berekraft, insisterer seljaren Fjørtoft, og viser til at ved er ei klimanøytral energikjelde. Det føreset sjølvsagt at du har ein tett omn med god effekt – og at veden du fyrar med er tørr. Ideelt sett bør den liggje eit stykke under 20 prosent, meiner han. I tillegg løner det seg å kontrollere vekta:

– Ein vedsekk er ikkje ein vedsekk. Eg har testa 40-literssekkar med bjørk som ikkje veg meir enn 10 kilo, sjølv om dei etter Norsk Standard bør vege ein stad mellom 14 og 15 kilo.

Han lener seg over bordet:

– Du bør også alltid sjekke at prisen du betaler inkluderer moms.

Sotsvart samvit

Og der er me altså attende til Fjørtofts reknestykke. Det blir ikkje ført nasjonal statistikk over vedsalet, men ifølgje SSB er det i snitt blitt brent 12 millionar tonn ved her i landet kvart år dei siste ti åra.

Dei 12 millionar tonna er både storsekker, laus ved og andre format, men for dømet si skuld reknar Fjørtoft alt om til 40-liters sekkar, og kjem til at det svarar til om lag 80 millionar sekkar. Han reknar deretter om SSB-tala over ved importert til brensel kvart år, og kjem til at dette utgjer minst fem millionar 40-literssekkar. Då står me att med 75 millionar sekkar som blir produsert i Noreg.

Så er han over på rein gjetting: SSBs statistikk viser nemleg ikkje kor mykje av det totale vedforbruket som er salsved kontra ved me som forbrukarar har hogd og produsert sjølv til eige bruk. Fjørtoft tippar at me produserer rundt ti prosent av veden til eige bruk – noko som i så fall utgjer rundt 7,5 millionar sekkar. Dette er altså eit heilt ukjent – og omstridt – tal (sjå undersak).

Etter Fjørtoft sitt reknestykke skulle det då vere att 67,5 millionar sekkar for sal til forbrukar. For dømet si skuld set han verdien på kvar sekk til 70 kroner. Det er uvanleg billeg, men blir sett slik for å inkludere veden som blir selt i rimelegare format. Samla verdi på sekkane som er til sals, reknar han difor at utgjer rundt 4,7 milliardar kroner.

1,5 svarte milliardar

Fjørtoft er overtydd om at ein god del av desse pengane er svarte. Prosentdelen han kjem fram til er også gjetting, men basert på mange samtaler han har hatt med eigne og andre vedprodusentar, seier han:

– Eg anslår at halvparten av all veden blir selt med moms, og kanskje at så mykje som 30 prosent av vedmarknaden er svart sal. Det utgjer i så fall nær 1,5 milliardar kroner.

At staten går glipp av 25 prosent mva er ein ting. Trond Fjørtoft meiner likevel det verste er at den påståtte svarte marknaden øydelegg for lovlydige aktørar:

– Når eg snakkar med mine vedleverandørar, seier mange at dei opplever det som eit stort problem at andre sel utan mva og under dekke av at dei berre er hobbyprodusentar som produserer verdiar for mindre enn 50.000 kroner i året. Det blir sagt at dei i realiteten sel mykje meir, og at dei får betalinga i kontantar og på kona og ungane sine Vipps-kontoar.

Det gjer det nesten uråd for Skatteetaten å kontrollere omsetninga seier Fjørtoft, som er fullt klar over at utspelet vil skape debatt. Det er i så fall på høg tid, meiner han:

– Den svarte omsetnaden er drepande og eit faktisk hinder for dei seriøse leverandørane som satsar på fornybarmarknaden. Det håpar eg både forbrukarane og styresmaktene snart tek innover seg.

Øyvind Stranna Larsen meiner vi nordmenn hogger 50 prosent av all veden me brukar sjølv, medan Fjørtoft tippar me berre hogger 10 prosent sjølv. Det gir dei vidt ulike oppfatningar om kva for salsverdi veden som blir omsett i Noreg har.

–  Teke ut av lause lufta

Øyvind Stranna Larsen, som er fagansvarleg i Norsk Ved Forum for Vedprodusenter, deler ikkje Fjørtoft si oppfatning om at det er mykje svart omsetnad i bransjen. Han meiner påstandane er udokumenterte spekulasjonar.

I høve til kor stor verdien av veden som er til sals i Noreg er, kjem Stranna Larsen til eit heilt anna reknestykke enn Fjørtoft. Han tek sterk avstand frå påstandane om at det er utbreitt svart sal, og vil heller ikkje gjette på kor stort det svartsalet som finst, faktisk er:

– Det er ikkje eit omfattande svartsal av ved i Noreg. Svartsal kan sjølvsagt skje, men det er heilt klart ikkje av slike enorme dimensjonar som Fjørtoft gjettar på, seier Stranna Larsen.

– Statistikk over svart sal finst sjølvsagt ikkje. Men vi som næringsorganisasjon har til dømes aldri blitt kontakta av Skattedirektoratet fordi dei meiner dette er eit omfattande problem som vi bør jobbe med overfor næringa, seier han.

Einige og usamnde

På nettsida norskved.no (som ikkje er det same som verksemda til Fjørtoft) opplyser Norsk Ved Forum for Vedprodusenter at «Norsk Ved er et fagforum for vedprodusenter som ble etablert i 1991» og at dei har 3.000 medlemmer. I tillegg til å vere eit fagforum, tilbyr også dei medlemmene sine marknadsføring. Også der blir medlemmene kopla direkte opp mot kundar i nærområdet. I motsetnad til hjå Fjørtoft og Norsk Ved AS, der betalinga mellom kjøpar og seljar blir administrert gjennom plattforma, skjer sjølve salet og oppgjeret hjå Norsk Ved Forum for Vedprodusenter direkte mellom produsenten og kunden.

Stranna Larsen og Fjørtoft er samde i at nordmenn i snitt har eit forbruk på 80 millionar vedsekkar i året og at rundt 5 millionar av dei blir importert. Men når det gjeldt den ukjente faktoren – kor mykje ved me sjølv hogger og produserer til eige bruk ved sida av det me kjøper, har dei ulike oppfatningar om.

Fjørtoft tippar at me produserer rundt 10 prosent av veden til eige bruk sjølv, men Stranna Larsen meiner at me sjølv produserer så mykje som rundt 50 prosent av all ved til eige bruk.

Det talet forklarar han mellom anna med ei tidlegare undersøking i Troms, som synte at hobbyprodusert ved utgjorde rundt 50 prosent av totalforbruket i fylket. Ifølgje Norstat si ferske undersøking frå i år hogger cirka 1,5 millionar nordmenn sin eigen ved:

– Om nordmenn berre hobbyproduserer 10 prosent av veden til eige bruk, betyr det at kvar av dei 1,5 millionane som hogger, hogger ei mengd tilsvarande fem-seks sekkar med 40 liter bjørk. Alle som driv hobbyhogst til eige bruk hogger langt meir enn dette. Ifølgje vår eigen og årlege marknadsundersøking oppgav i år 95 prosent av vedprodusentane våre at dei i snitt nyttar 19 prosent av vedproduksjonen til eige bruk. Summen av hobbyprodusentane og dei næringsdrivande produsentane sin produksjon til eige bruk er difor truleg opp mot 50 prosent av det totale vedforbruket, seier Stranna Larsen.

Hobbysal

Han minner også om at hobbyprodusentar kan selje ved lovleg utan å vere registrert som næringsdrivande med skatteansvar for salet – såkalla hobbysal.

– Har ein om lag like store eller større utgifter på vedproduksjonen enn ein har inntekter på salet, talar dette for at det er hobbyproduksjon. Då er det slett ikkje «svart sal» om ein sel litt ved i tillegg til det ein brukar sjølv, seier Stranna Larsen.

Alle som har selt mva-pliktige varer eller tenester for minst 50.000 kroner det siste året må registrere seg i mva-registeret. Med ein snittpris på til dømes 100 kroner bjørkevedsekken, vil 50.000 kroner i omsetnad innebere at ein har selt rundt 625 av 40-literssekkar, seier Stranna Larsen. Så mykje ved for sal, i tillegg til ved til eige bruk, trur han det knapt finst nokon hobbyprodusentar som med enkelt manuelt utstyr greier å produsere. Han påpeiker også at om næringsdrivande skal ha rett til frådrag for investeringar og driftskostnader, må dei ha omsetning som over tid gir overskot.

2,6 milliardar kroner

Med utgangspunkt i totalforbruket på 80 millionar sekkar, der 5 millionar er importerte, sit me altså att med 75 millionar norskproduserte sekkar. Men om nordmenn hogger 37,5 millionar av desse sekkane til eige bruk, reknar Stranna Larsen at det «berre» er att 37,5 millionar sekkar til sals.

Om sekkeprisen då i snitt er 70 kroner (som altså også omfattar både storsekkar, laus ved og andre format), blir den totale verdien av den norskproduserte veden til sals om lag 2,6 milliardar kroner ut frå Norsk Ved Forum for Vedprodusenter sine berekningar. Det er nær halvparten av den verdien Fjørtoft kjem fram til:

– Om næringsdrivande vedprodusentar sel så mykje svart som det her blir påstått, vil det vere umogleg å oppnå rekneskapsmessig overskot. Då vil ein også miste retten til frådrag for utgifter. I tillegg ville jo svært mange av vedkundane reagert offentleg om dei ikkje fekk kvittering. Fjørtoft si ugrunna gjetting om eit enormt svartsal på heile 1,5 milliardar kroner er difor direkte ulogisk, og påstandar teke ut av lause lufta, seier Øyvind Stranna Larsen.

Norsk Ved Forum for Vedprodusenter AS vart registrert i Brønnøysundregistera hausten 2016. Då NPK sjekka, stod dei oppført med Espegard AS som hovudaksjonær. Dei sel i sin tur mellom anna små – og storsekkar og anna pakkeutstyr til vedprodusentar. Ifølgje Stranna Larsen er eigarskapet endra, og Norsk Ved Forum for Vedprodusenter AS er no eigd av Nordic Way Group.

Powered by Labrador CMS