nyhende
Svært mange lokalaviser aukar opplaget – Vestavind er blant dei
Enda fleire lokalaviser aukar opplaget etter at korona-pandemien slo inn over Noreg. Det tyder på at lokalavisene har ei svært viktig samfunnsrolle også i vanskelege tider.
Nesten 85 prosent av avisene tilknytt Landslaget for lokalaviser (LLA) aukar opplaget frå 1. til 2. halvår i fjor, skriv LLA i ei pressemelding. I følgje oversikta deira er Vestavind ei av desse avisene, som for 2020 har eit opplag på 1542 aviser. Det er 27 fleire enn året før.
Knytar folk saman
– Lokalavisenes samfunnsansvar er blitt endå tydelegare det siste året. Avisene våre gjev innbyggjarane svært viktig informasjon om korona-situasjonen lokalt. Samtidig held lokalavisene fram med å knytte folk saman i nærmiljøet, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik.
Nett og papir
Bruvik gler seg også over at fleire lokalaviser held fram med innovasjonsarbeidet og satsar på digitale plattformer hand i hand med papirutgåvene.
– Det siste året har vore ei påminning om kor viktig det er også for lokalavisene å kunne tilby nyhende på nett og mobil, nærast døgnet rundt, seier Bruvik.
LLA er organisasjonen for over 110 av lokalavisene i Norge. Dei nye opplagstala bekrefter at lokalavisene betyr mykje for folk sitt informasjonsbehov, spesielt i så uvanlege tider som har vore det siste året.