SVs Torgeir Knag Fylkesnes (t.h.) meiner jordbruksavtalen ikkje legg nok til rette for sjølvforsyning. Her saman med bondeopprørar Tor Jacob Solberg under ein demonstrasjon framfor Stortinget i fjor.FOTO: NPK
SV vil justere jordbruksavtalen
SV meiner avtalen regjeringa har inngått med bøndene ikkje tek nok omsyn til sjølvforsyning og vil endre avtalen.
NPK-NTB: Når det gjeld sjølvforsyning, meiner SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes at årets jordbruksavtale går i feil retning, skriv Nationen.
Partiet er kritisk til at støtta til importfôr aukar. Dei vil heller ha mindre importert fôr i norsk landbruk.
– Stortinget har ansvaret for jordbrukspolitikken, og kan derfor justere avtalen dersom vi meiner det ikkje er i tråd med vedtak Stortinget har gjort. Og i dette tilfellet er omsynet til sjølvforsyning ikkje følgd opp, seier Fylkesnes.
Han understrekar at regjeringa er avhengig av at stortingsfleirtalet går inn for avtalen som er forhandla fram.
Senterpartiets landbrukspolitiske talsperson Per Olav Tyldum stiller seg undrande til utspelet frå Fylkesnes.
– Om ein skal endre ein avtale det er semje om, utfordrar ein den verdien forhandlingsinstituttet har. Det er ein heilt unik institusjon, seier han.
Tyldum seier at også partiet hans vil dreie landbruket i retning meir sjølvforsyning, men seier dette ikkje er gjort over natta.