nyhende

Reidar Horneland (i midten) og Geir Ivar Seime (t.h.) vann pris på Oslo Whisky Festival for deira første whisky Ravnafloke.
Reidar Horneland (i midten) og Geir Ivar Seime (t.h.) vann pris på Oslo Whisky Festival for deira første whisky Ravnafloke.

Suksess for Sveio sin første whisky

Brenneriet Hiernagla gjev ut sin første whisky og ser flaskane rivne vekk. På Oslo Whisky Festival selde dei 600 flaskar på tre dagar. – Over all forventing, seier dagleg leiar Reidar Horneland.

Publisert Sist oppdatert

I tre og eit halvt år har Hiernagla, og Sveio, sin første whisky lege på fat. No er den på flaske og har fått namnet «Ravnafloke» etter vikingen Floki Vilgerdsson frå Sveio som oppdaga Island. No haustar brenneriet på Ekrene både suksess og jubel.

Best i festival

– Lanseringa har gått over all forventning. At over 600 flaskar vart rivne bort dei tre første dagane er stort for eit småskala brenneri frå Sveio, seier Reidar Horneland.

Den daglege leiaren var på Oslo Whisky Festival kor «Ravnafloke» vart lansert. Der vart den røysta til vinnar i kategorien «best i festival», som vil seia at det var den beste whiskyen utanifrå landet Skottland. Ros fekk dei også frå meldarane.

Seksar på terningen

– Å få seksar i VG er heilt fantastisk, seier Horneland.

Hiernagla sin whisky fekk også 87 av 100 mogeleg poeng hjå nettsida Whiskeysaga, som meldar produkt frå heile verda. Dei skriv at «Ravnafloke» er ein imponerande debut og noko som viser ekte handverk.

– Det gjev oss ei stadfesting på at me gjer noko riktig, avsluttar Horneland.

Powered by Labrador CMS