nyhende
Styrer utan politisk plattform
Nesten to månadar har gått sidan lokalvalet. Posisjonen forhandlar framleis om felles politisk plattform og vil ikkje seia når dei vert ferdig eller kva som står att.
Valnatta den 11. september gjekk det ikkje lang tid før fire parti gjekk saman om å danna ny posisjon i Sveio kommune.
Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet signerte ein intensjonsavtale før klokka var bikka 23.00 på kvelden, og sidan har dei forhandla.
– Nærare enn nokonsinne
Måndag den 6. november var kommunestyre samla for andre gang etter at dei nyvalde hadde tekne sine plassar. Då var nesten to månadar gått sidan valnatta, og forhandlingane om felles politisk plattform pågår framleis. Ingen av forhandlingsleiarane eller politikarar frå dei fire partia ynskte å seia mykje om den komande plattforma.
– Den er ikkje klar, men me er nærare enn nokonsinne, sa John Kristian Økland, kommunestyrerepresentant og forhandlingsleiar for Høgre.
Han stadfesta at det er ein pågåande prosess kor forskjellar mellom partia kan skapa utfordringar.
– Det er nokre område som er vanskeleg å verta samde om, sa Økland.
Felles svar
Han ynskte ikkje å gå inn på kva område dei har vorte samd om eller kva som står att. Ordførar André Mundal Haukås (H) viser til forhandlingsleiarane, men understrekar at det går framover.
– Me er nærare no enn me har vore, sa han.
Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) har tidlegare sagt at nokre ting vart gjort klart under valkampen, til dømes at eigedomsskatt ikkje skal innførast att og at skulestrukturen skal få stå i fred. Ho viste også til sin forhandlingsleiar Rune Teikari. I eit svar til Vestavind skriv han følgjande på vegne av dei fire partia:
– I ein travel oppstart av perioden har me måtta prioritera konkrete politiske saker i møteseriane. Me ser no på enkelte detaljer i plattforma og håpar den er klar i løpet av dei nærmaste vekene, skriv han.
Sondre Natås Strand frå KrF fortel at det viktigaste er at det vert gjort på riktig vis sidan plattforma skal vare for dei neste fire åra, og at han kjenner ikkje på noko tidspress.
Håpar på snarleg avklaring
Cato Sivertsen som er representant frå Industri- og næringspartiet skriv at han ikkje har ein kommentar til at plattforma ikkje er klar. Asle Georg Halleraker frå Tverrpolitisk Fellesliste håpar dei snart vert ferdige.
– Det hadde vore fint å vita i kva retning dei vil ta Sveio, skriv han i ein sms.
Representant for Sosialistisk Venstreparti, Olav Østebø Olsen, meiner at ein ikkje skal gje blokkpolitikken for stor plass i Sveio, men peiker og på at no er det ei stund sidan valet.
– I betraktning kor raskt fleirtalet fann saman valnatta, så er det påfallande kor tett dei held korta til brystet, skriv Olsen.
Han håpar å snart verta presentert plattforma til posisjonen og trur det vil vera bra for lokaldemokratiet.
– Den manglande avklaringa er likevel ikkje bra i lengda, fordi det tærer på tilliten når politikken er uføreseieleg og lite open, skriv Olsen.
Neste kommunestyremøte vert årets siste, og finn stad måndag den 11. desember.