nyhende
Strengare tiltak – Sveio følgjer nabokommunar for å avgrensa smitte
For å få ei effektiv avgrensing av smitterisikoen i regionen, innfører Sveio kommune dei same tiltaka som elles på Haugalandet, etter mønster frå forskrift vedtatt i Haugesund kommune. Det er kommuneoverlegen i samråd med rådmann og ordførar, og med heimel i smittevernloven, som har vedteke forskrift om førebygging av koronasmitte for Sveio kommune.
I kommunane Haugesund, Karmøy, og dels Tysvær, har det i starten på mars 2021 utvikla seg ein uoversiktleg smittesituasjon. Først ved utbrot ved ein stor, lokal industriarbeidsplass, og seinare med ein utbreidd smitte blant innbyggarane, kor mange av tilfella er bekrefta som muterte virusutgåver, skriv kommunen i grunngjevnaden.
Forskrifta trer i kraft 12. mars 2021 og gjeld til og med 26. mars 2021. For å sikra demokratisk forankring vil kommunestyret behandla saka neste veke.
Frå 12. mars
Vidare står det at ein særskild har sett ei utvikling dei siste dagane med smitte blant tilsette i omsorgsheim og i institusjonar for eldre brukarar med nedsett funksjonsevne, tilsette ved ein hurtigmatrestaurant og smitte blant elevar i grunnskular og vidaregåande skular. Som følge av situasjonen vedtok Karmøy og Haugesund forskrift med strenge tiltak 10. mars 2021, med verknad frå og med 12. mars 2021.
Pendlarar
Sjølv om det på noverande tidspunkt ikkje er stadfesta smittetilfelle knytt til utbrotet i kommunane på ytre Haugalandet, er Sveio ein del av felles bu- og arbeidsmarknad med våre nabokommunar, med ei rekke arbeidstakarar og skuleelevar som pendlar mellom kommunane. Som ein følge av dette er òg ein del innbyggarar i Sveio kommune i karantene som nærkontaktar til smitta ved utbrotet i Haugesund.
Kommuneoverlegen i Sveio har derfor, i samråd med rådmann og ordførar, funne grunnlag for å fastsetta tiltak i forskriftsform gjeldande for Sveio kommune. Forskrifta vil eventuelt bli
vedtatt av kommunestyret i eit ekstraordinært kommunestyremøte i nær framtid.
Like tiltak
Sjølv om det ved fastsetting av forskrifta blir fatta inngripande tiltak i Sveio kommune, vurderer kommuneoverlegen at samfunnsnytta ved smitteverntiltaka overstig belastninga og ulempene tiltaka inneber for innbyggarane i kommunen.
I dette ligg det ei vurdering av Haugalandet som felles bu- og arbeidsmarknad med tilhøyrande mobilitet av innbyggarar på tvers av kommunegrensene. Vidare er det eit moment i vurderinga at innbyggarane i regionen i stor grad bør ha like tiltak å halda seg til, og at det ikkje skal vera insentiv til auka mobilitet at tilbod som blir stengde på Karmøy, i Haugesund og i Tysvær held ope i Sveio.