NPK-NTB: Det dreier seg mellom anna om Nidaros sosialdemokratiske forum og Trondheim Arbeidersamfunn i Trondheim, fleire lag i Bergen, og Tromsø Arbeiderparti, skriv Klassekampen.
I førre veke gjekk Nidaros sosialdemokratiske forum ut med eit krav om at regjeringa tek kontroll over kraftmarknaden, reforhandlar straumkabelavtalar og gjer ei ny vurdering om elektrifisering av norsk sokkel.
Andre lag ønskjer seg mellom anna ordningar som makspris, priskontrollsystem og toprissystem.
Åsane Arbeiderparti i Bergen ønskjer at den varsla energikommisjonen til regjeringa skal greie ut ei sterkare politisk styring av energisektoren, mellom anna med føresegner for fyllingsgrad i vassmagasina og styring av overføringar til utanlandskablane.
Trondheim Arbeidersamfunn ønskjer skrinlegging av elektrifiseringa av norsk sokkel.
– Mange tenkjer at straumprisen er ei krise, men den verkelege krisa er at Noreg styrer mot eit strukturelt kraftunderskot allereie i 2026–2027. Då er det uklokt å bruke enorme ressursar på noko som i praksis er eit meiningslaust nullsumspel, seier Helge Rushfeldt, nestleiar i Trondheim Arbeidersamfunn.
I Tromsø Arbeiderparti foreslår ein at vasskraftprodusentane skal påleggjast å ha nær 100 prosent fyllingsgrad i vassmagasina i oktober.