nyhende

Prisforskjellane på straum i Norge set nye rekordar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Prisforskjellane på straum i Norge set nye rekordar.

Straumen i sør over ti gonger dyrare enn i Nord-Noreg

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Prisforskjellane på straum i Noreg set nye rekordar. Måndag er spotprisen i Sør-Noreg meir enn ti gonger så høg som i Midt-Noreg og nordover.

Måndag er spotprisen frå Midt-Noreg og nordover på under 130 kroner/MWh. Det er den lågaste prisen i desse områda så langt i år.

I sør ligg derimot prisen på vel 1.350 kroner/MWh, altså 135 øre per kilowattime, skriv Europower.

Søndag og måndag for ei veke sidan var straumprisane i Sør-Noreg meir enn sju gonger høgare enn prisane lenger nord, noko som også var ny rekord.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS