nyhende
Stram arbeidsmarknad, men likevel mange utanfor arbeidslivet
Det blei registrert 1 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken i Sunnhordland i oktober. Det er same prosent, og omlag same tal som førre månad.
Sveio ligg eit ørlite hakk over snittet i Sunnhordlands med 1,1 prosent av arbeidstyrken heilt ledige. Det utgjer 31 personar, som er likt med september.
– Arbeidsmarknaden er og har lenge vore stram. Likevel har me mange som står utanfor arbeidslivet i Sunnhordland, og som med dei rette rammene kunne vore i arbeid. I ein stram arbeidsmarknad slit arbeidsgivarane meir med å finna den ønska kompetansen. Me ønsker fleire samarbeid for å få fleire i arbeid og å få dekt behova arbeidsgivarane har, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
FagVeg
Ein slik måte å samarbeida på er FagVeg. Dette er ein pilot som NAV og Vestland fylkeskommune samarbeider om i Sunnhordland. Målet er at fleire skal få ein betre veg inn til eit fagbrev som det er behov for i den lokale arbeidsmarknaden.
– Me er godt i gang med å snakka med fleire lokale verksemder me har identifisert som aktuelle i ein pilotperiode. Me tek utgangspunkt i verksemdene sine behov, og riggar oss deretter. Etter pilotperioden er over, skal vonleg strukturane koma alle verksemdene og kandidatane i heile Vestland til gode, seierLægreid.
Særleg helse og industri
NAV har gode erfaringar med liknande opplæringsriggar frå før. Både Menn i Helse, Hender i helse og samarbeidet med Aker Solutions på Stord vert trekt fram av NAV-leiaren.
– Me veit at særleg helse- og omsorgssektoren, men også industri og leverandørindustri, kjem til å ha store behov for å rekruttera ny kompetanse i åra som kjem, basert på kor mange dei har som nærmar seg pensjonsalderen. Kompetanse tek tid å bygga. Vonleg kan me gjennom piloten finna strukturar som gjer det enklare å samarbeida med NAV og fylkeskommunen for å bygga ny kompetanse blant dei som i dag står utanfor arbeidslivet, seier Lægreid.