nyhende

Strålande NM for Sveio drilll

Sveio drill henta heim ikkje mindre enn 5 gull, 2 sølv og 1 bronse. Innsatsen i NM gjorde også at dei er sikra EM-deltaking i Nederland i fleire program.

Publisert Sist oppdatert

24 startnummer og 24 deltakarar frå Sveio drill har vore i aksjon i Lillehammer i helga. Med det var dei den største troppen under NM.

Kort oppsummert blei det gullmedalje i Exhibiton junior og senior, Show Twirl senior, Flag Baton senior og Drilldans junior duo med Emilia Åsbø og Ingrid Andrea Panayiotou.

Sølvmedaljane kom i Drilldans tropp 3. divisjon og Drilldans tropp jr. 2. divisjon. Renate Fjelde Pedersen tok bronse i One Baton senior.

Sjeldan «no drop»

– Me er supernøgde med innsatsen til heile troppen. Og ekstra stas var det at me hadde med ein heilt ny juniortropp som ikkje har konkurrert før. Me har også med oss nokre utøvarar frå Haugesund og Åkra i Show Twirl Senior og Exhibition Junior. Veldig kjekt å samarbeida med andre troppar, seier hovudtrenar Marilena Panayiotou.

– Er det nokon du vil nemna spesielt?

– Som sagt gjorde alle ein veldig god innsats, men kanskje Maria Fonnes. Ho var med i fire program og mista ikkje drillstaven ein einaste gong. Det er veldig sjeldan i konkurransar og blir kalla «no drop», seier Marilena.

Til EM i Nederland

Den store medaljefangsten sikra også deltaking i fire program under EM i Nederland i oktober.

– Sveio drill skal delta for Noreg i Exhibiton junior og senior, Show Twirl senior og Flag Baton senior. Det er eit EM til som me kjem til å få deltakarar i, men der har me ikkje fått all info enno, avsluttar Marilena, på veg over fjellet til Sveio.

Powered by Labrador CMS